OVERSKOT: Aluminiumsverket i Høyanger leverte eit godt resultat i først kvartal.
OVERSKOT: Aluminiumsverket i Høyanger leverte eit godt resultat i først kvartal. (Foto: Norsk Hydro ASA/arkivfoto)

Hydro Høyanger leverte overskot trass krevjande marknad

Aluminiumsverket i Høyanger hadde eit overskot på 30 millionar kroner i første kvartal.

Høyanger: – Produksjonen er stabil og kvalitetsmessig veldig god. Resultatet er påverka negativt av salsvolum og positivt av låg råvarepris og svak kronekurs. Dette i kombinasjon med god kostnadskontroll gjev oss eit positivt resultat, seier fabrikksjef Arne-Martin Kjærland i ei pressemelding. 

Overskotet på 30 millionar kroner før renter og skatt kjem trass ein relativt svak marknad, særleg innanfor bilindustrien. 

Stabil og sikker drift trass pandemi

Koronapandemien er ei utfordring for Hydro og skaper usikkerheit i verksemda. Dei norske aluminiumsverka har stort fall i etterspurnaden, særleg frå den europeiske bilindustrien. 

Hovudfokuset til konsernet er å sikre eit trygt arbeidsmiljø, støtte lokalsamfunn, oppretthalde verksemd og sikre likviditet, i tillegg til smitteverntiltak. 

I Høyanger har produksjonen blitt oppretthaldt med små justeringar. 

– Vi har oppretthaldt ei stabil og sikker drift trass ein "ny" arbeidskvardag. På grunn av stor reduksjon i ordrar frå kundane våre, vart det i dialog med dei tillitsvalde bestemt at bemanninga vart justert ned frå sju til fem tilsette per skift, seier Kjærland. 

Endringa er gjennomført i løpet av april og råkar berre mellombels tilsette. Fabrikken har også sett i verk smittevernstiltak, og Kjærland seier han sit pris på ein god dialog med lokale myndigheiter. 

Fabrikksjefen rosar også fleksibiliteten og fokuset på tryggleik hos dei tilsette i ein ny arbeidskvardag. 

– Alle tilsette har synt ein sterk lojalitet til alle tiltak og endringar som er innført på svært kort tid. Samstundes som vi har hatt full produksjon har vi sett ein nedgang i talet på HMS-hendingar i ei tid då vi er ei ein krevjande situasjon, seier Kjærland. 

Ingen personskader og meir miljøarbeid

Fabrikken i Høyanger har ingen personskader i første kvartal. 

– Tryggleik og arbeidsmiljø er den øvste prioriteten vår og det vert gjort ein formidabel innsats av alle medarbeidarane kvar dag, seier Kjærland. 

Verket har også gjort miljømessige tiltak, blant anna vedlikehaldsarbeid av gassrens.
 
– Ambisjonen er at dette skal gje betre reinseffekt og vi vil sjå effekten i løpet av andre kvartal. I tillegg jobbar vi med reduksjon av avfall til deponi. Der ser vi eit stort betringspotensiale, seier Kjærland. 
Til toppen