INVESTERING: Hydro har beslutta å investere i ny likerettar for å sikre straumforsyninga til aluminiumsverket i Årdal. Foto: Norsk Hydro.
INVESTERING: Hydro har beslutta å investere i ny likerettar for å sikre straumforsyninga til aluminiumsverket i Årdal. Foto: Norsk Hydro. (Foto: Norsk Hydro)

Hydro i Årdal: 167 millionar i pluss dei siste tre månadane

Held fram å levere overskot i hundremillionarsklassen.

Årdal: Hydro i Årdal hadde eit overskot før skatt og renter på 167 millionar kroner i tredje kvartal, altså månadane juli, august og september. Det skriv verksemda i ei pressemelding.

– Resultatet er påverka av litt lågare prisar på den norske krona enn i andre kvartal, noko som delvis blir utlikna av lågare kostnader til råstoff. Elles har me eit lågare kostnadsnivå i tredje kvartal, seier Wenche Eldegard, fabrikksjef ved Hydro Årdal, i pressemeldinga.

GOD BUTIKK: Aluminiumsverket i Øvre Årdal.
GOD BUTIKK: Aluminiumsverket i Øvre Årdal. Foto: Arkiv

Ho seier drifta har vore god og stabil heile året, òg i tredje kvartal.

Aluminiumverket inst i Sognefjorden opplyser at dei har kvalifisert seg for å produsera med særleg lågt jarninnhald og høgare marginar, noko skal gje meir klingande mynt i kassa for metallverket.

– I tredje kvartal har òg støyperia levert gode resultat. Gode prisar og ein god marknad for støypelegeringar, kombinert med ein effektiv organisasjon, har gitt gode resultat òg i støyperiet, sier Eldegard.

Til toppen