Årdal: I løpet av kvartalet som gjekk steig aluminiumprisane med nesten ti prosent, noko som viser att i botnlinja til fabrikken i Øvre Årdal. Overskotet på 202 millionar er nesten dobbelt så mykje som same periode i fjor, rett nok vart produksjonen då råka av to straumbrot i juni.

– Vi legg bak oss nok eit kvartal med god drift i alle driftseiningar, og når metallprisane samtidig har stige betyr det at vi leverer gode tall, sier fabrikksjef Wenche Eldegard i ei pressemelding i samband med kvartalsresultatet som vart lagt frem tysdag.
Der går det òg fram at forsikringsoppgjeret etter straumbrotet i fjor er med på å trekke resultatet noko opp.
I løpet av dei tre månadane i andre kvartal har det blitt bestemt å investere for til saman 160 millionar i Årdal, mellom anna for å auke produksjonskapasitet i karbonanlegget og for å sikre straumforsyninga til aluminiumsverket. Prosjekta er forventa å bli avslutta i 2018 og 2019.