Årdal: Som resultat av hendinga, forsvann straumen i to timar på verket. Brannen vart raskt sløkt.
Dei første meldingane som kom frå politiet rundt 21.30 torsdag kveld, var at eit omn hadde eksplodert, men denne stemte ikkje.
– Det var ikkje noko eksplosjon, men det var utrenning frå ein av omnane som rann ned i kjellaren der det tok fyr i noko brennbart. På grunn av dette forsvan straumen i to timar, men no er produksjonen tilbake i drift, forklarte informasjonsdirektør Halvor Molland i Hydro til Porten.no torsdag kveld.
Ingen personar vart skadd i hendinga, der både brann, AMK og politi rykte ut.
Utover natta har Industrivernet halde tilsyn med omnen, og også politiet skal vere på staden for å få oversikt over situasjonen og etterforska årsaka til brannen.
Førebels er det ikkje kjend kva som er årsaka.