Årdal: – Me er godt nøgde. Det er eit godt økonomisk resultat, eitt av dei beste gjennom tidene. Det må me vera godt nøgde med, seier fabrikksjef Wenche Eldegard til Porten.no
I 2017 hadde Hydro i Årdal eit overskot før rentar og skatt på 659 millioner kroner, 172 millionar kroner av dei i fjerde kvartal. I ei pressemelding opplyser Hydro at drifta har vore stabil, med blant anna produksjonsrekord i elektrolysen.
– Me har ein flink organisasjon og jobbar mykje med forbetringar. Me blir litt betre for kvar dag, seier Eldegard når ho skal forklara dei gode resultata.

I 2017 har det blitt brukt 274 millioner på oppgraderingar og nye prosjekt på verket i Årdal. På tampen av året vart ein ny likerettar godkjend, til ein pris på over 100 millionar.
Karbonanlegget har blitt oppgradert og produserer no anodar både for teknologipiloten til Hydro på Karmøy og større anodar til verket i Høyanger. Når ombygginga er ferdig i løpet av 2018, vil den auka produksjonen i Årdal med rundt 30.000 tonn i året.
– Me har gjort ein del strategiske investeringar. Det er viktig å rusta oss for framtida, seier Eldegard.
