INVESTERER: Hydro skal investere i nye likerettar i Høyanger. Foto: Norsk Hydro.
INVESTERER: Hydro skal investere i nye likerettar i Høyanger. Foto: Norsk Hydro. (Foto: Norsk Hydro)

Hydro investerer i Høyanger

Nye likerettar skal på plass for å sikre straumforsyninga til fabrikken i Høyanger.

Høyanger: Det skriv Hydro i ei pressemelding torsdag. 

– Dette er svært gledeleg for oss. Investeringa er eit viktig signal om at Hydro framleis vil satse på verket i Høyanger og at me skal produsere aluminium i mange år framover, seier fabrikksjef i Høyanger, Stian Tangen, i pressemeldinga.

For å produsere aluminium må Hydro konvertere vekselstraum frå straumnettet til likestraum, og til dette er det behov for såkalla likerettarar.

Flaskehals 

Kapasiteten til eksisterande likerettarutstyr ved verket i Høyanger er fullt utnytta og framstår difor som flaskehals for ytterlegare produksjonsauke ved verket.

– Den nye likerettaren vil både sikre straumtilføringa til produksjonshallen og gjere det mogleg for oss å auke produksjonen frå eksisterande elektrolyseceller ytterlegere på sikt, seier Tangen.

Hydro Høyanger produserer stort sett delar som vert nytta til bilar og bygningar. I fjor gjorde Hydro ei investering i støypeteknologien her som gjer verket meir konkurransedyktig på bilmarknaden.

– Tillitserklæring

– Dette er ei tillitserklæring til dei tilsette ved Hydro Høyanger som har synt ein utmerka evne til omstillingar og kontinuerlege forbetringar over mange år, seier leiar for dei fem verka i Noreg, Ola Sæter.

– Både Høyanger og dei andre verka i Noreg er sterke produsentar som kan levere aluminium av ypparste kvalitet, basert på fornybar grøn vasskraft. Det kundane våre pris på, og difor trur me på ei lys framtid for norsk aluminium, seier han vidare.

Det nye utstyret er venta ferdig installert i første halvår av 2018.

Til toppen