INVESTERING: Hydro har beslutta å investere i ny likerettar for å sikre straumforsyninga til aluminiumsverket i Årdal. Foto: Norsk Hydro.
INVESTERING: Hydro har beslutta å investere i ny likerettar for å sikre straumforsyninga til aluminiumsverket i Årdal. Foto: Norsk Hydro. (Foto: Norsk Hydro)

Hydro investerer i nye likerettar i Årdal

Hydro har beslutta å investere i ny likerettar for å sikre straumforsyninga til aluminiumsverket i Årdal.

Årdal: – Ein likerettar representerer ei betydeleg og langsiktig investering. Den nye likerettaren vil både sikre strømforsyninga til produksjonshallen, og på sikt gjera det mogleg for oss å auke produksjonen frå eksisterande elektrolyseceller ytterlegare, seier fabrikksjef Wenche Eldegard i ei pressemelding.

For å produsera aluminium må Hydro konvertere vekselstraum fra straumnettet til likestraum, og til dette trengst det såkalla likerettarar.

Ein ny likeretter vil erstatte ein 48 år gamal likerettargruppe ved verket og bidra til stabil drift ved metallverket og redusera risiko for skadar ved straumutfall.
 
Det nye utstyret forventes ferdig installert i løpet av 2019.
 

Til toppen