NABOMØTE: I neste veke inviterer Hydro Årdal til nabomøte i kulturhuset i Øvre Årdal, der dei gir ei «løypemelding» om aktiviteten sin. Foto: Norsk Hydro.
NABOMØTE: I neste veke inviterer Hydro Årdal til nabomøte i kulturhuset i Øvre Årdal, der dei gir ei «løypemelding» om aktiviteten sin. Foto: Norsk Hydro. (Foto: Hydro Aluminium Årdal)

Hydro inviterer til nabomøte​

I neste veke inviterer Hydro Årdal til nabomøte i kulturhuset i Øvre Årdal. 

Årdal: – Målet med nabomøtet er å fortelja kva fokusområde me jobbar med for tida, samt seie litt om korleis marknadene rører på seg i aluminiumsindustrien. Kort sagt blir det som å gi ei løypemelding, seier fabrikksjef Wenche Eldegard.

Saman med Johnny Bruheim, som nyleg fekk jobben som kraftverksjef, skal dei leie møtet som finn stad i kulturhuset i Øvre Årdal onsdag neste veke.

Eldegard legg vekt på at Hydro og samfunnet rundt er gjensidig avhengig av kvarandre og at god dialog med naboar er ei prioritert oppgåve for Hydro.

– Som samfunn og hjørnesteinsbedrift må me spela kvarandre gode, og for å kunne gjere det, er me avhengig av god dialog, seier ho.

Kan bli årleg arrangement

I Årdal har Hydro rundt 650 tilsette. I tillegg til å produsere kraft og aluminium, produserer selskapet også anodar som Hydro nyttar i produksjonen både i Årdal, Høyanger og Sunndal.

I fjor omsette verket for omtrent 4 milliardar kroner, og i tillegg produserte Hydro sitt kraftverk i Sogn 3,4 terawatt-timer kraft, noko som tilsvarar strauforbruket til 170.000 husstandar.

Bruheim håpar arrangementet kan bli eit årleg innslag.

– Dersom dette vert tatt godt imot, vil me prøve å gjera det til eit årleg arrangement. Det trur eg både Hydro og lokalsamfunnet er tent med, seier han. 

Til toppen