STORT ANSVAR: Hanne Hoel Pedersen seier Hydro har eit stort ansvar for å ta vare på naturen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
STORT ANSVAR: Hanne Hoel Pedersen seier Hydro har eit stort ansvar for å ta vare på naturen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Hydro: – Me har eit stort ansvar

Leiaren i ÅJFF trur intensjonen til Hydro som industriaktør og utbyggar er god. 

Årdal: – Dei er ikkje tente med å øydeleggja eit vassdrag, men eg ser at dei vil støtta seg på fagfolk meir enn fiskarane som har vakse opp i elva og merka den store forskjellen. Dei støttar seg meir på biologen som seier at det ikkje har skjedd endringar, seier han.

Anneli Nesteng i Hydro Energi kallar det heile for ei kompleks og samansett problemstilling.

– Me er nøgde med kontinuiteten i forskinga og dataserien og dei relativt eintydige resultata som ligg der. Samstundes er me audmjuk for at det er mange oppfatningar av røynda, men som regulant må me sjå vekk frå oppfatningar og bruke miljøa som har dette som jobb eller profesjon. 

I høve bygging av nytt Tyin kraftverk har Hydro sidan 2004 sørga for årleg overvaking av fisk i vassdraget i Årdal. Dette programmet er utvida og omfattar kartlegging av termisk påverknad – korleis varmt prosessvatn påverkar.

Støttar seg på rapportane

Leiaren i ÅJFF ønskjer seg eit nytt syn på elvane i Årdal. Mellom anna skulle han helst sett at rapportane sa meir om habitat, gyteforhold, vassføring og temperatur. 

– Er rapportane dekkande nok?

– Det burde fagmiljøa ha sagt noko om og Miljødirektoratet som til sjuande og sist godkjenner overvakingsprogramma, men dei støttar seg til Vassdirektivet, og der har me ein omforent standard i heile EU som seier noko om kva som skal overvakast og korleis. Det som er spesielt med Årdal er den termiske verknaden, som ikkje finn så veldig andre plassar, svarar Hanne Hoel Pedersen.

– Der har ein på tvers av fagmiljøa i Miljødirektoratet, hjå NIVA og Rådgivende Biologer vore nøydde til å setja seg ned å sjå på korleis ein kan gjere dette best. Utforminga var det direktoratet og NIVA, som saman med sine kontaktar i Sverige som lagde. Då er det desse rapportane me har fått. Då må me setja oss ned og studere desse skikkeleg saman med fagmiljøa for kva me skal gjera vidare.

– Stort ansvar

Hydro har laga ein tiltaksplan for Utla og Årdøla som har vore ute på høyring. Denne planen fekk dei pålegg frå NVE om å lage i 2011. 

– Utfordringa i Årdal er at tiltaka ikkje har så stor effekt. Det er ikkje så mykje å hente på å flytte litt her eller byggje opp litt der, seier Nesteng. 

– Kva ansvar har Hydro?

– Det er me som påverkar naturen, og det er eit stort ansvar me sit med for å sørge for at me ikkje belastar naturen unaudsynt. Samstundes når ein driv industriverksemd, er det vanskeleg å gjera det utan at det ikkje påverkar i det heile. Det er snakk om å finne eit nivå som naturen kan leva med, seier Hanne Hoel Pedersen i Hydro. 

Eit viktig tilbod

– Kva betyr det for dykk å ha denne ressursen i samfunnet?

– Det er veldig viktig, og me er der sjølv også. Det er slik at me bur på ein liten industriplass, så det er vanskeleg å skilja mellom industri og privatinteresser, så me er jo som ÅJFF sjølvsagt interessert i godt fiske i elva. Det skulle berre mangle. Det er ingen konflikt der i det heile. 

Moen ber om forståing for at ÅJFF utfordrar rapportane og sår tvil om konklusjonane.

– Eg trur det er viktig at slike rapportar vert utfordra. Det har dei blitt i andre vassdrag i regionen, og det har kome gode tiltak og samarbeidsformer mellom fiskeinteressene og utbyggar som reusltat. Det er svært viktig at samarbeidet her er godt og at ein sørget for at aksepten både for det faglege arbeidet og eventuelle tiltak i tiltaksplan er høg. 

Til toppen