I PLUSS: To straumbrot var ikkje nok til å hindre aluminiumsverket til Hydro i Årdal frå å levere eit nytt overskot.
I PLUSS: To straumbrot var ikkje nok til å hindre aluminiumsverket til Hydro i Årdal frå å levere eit nytt overskot.

Hydro med 118 millionar i overskot trass dei to straumbrota

Verket i Årdal har hatt nok å slite med, men leverer likevel eit solid overskot i andre kvartal.

Øvre Årdal: Uvêret Tor i slutten av januar gjorde at fabrikken i Øvre Årdal mista straumen så lenge at omlag ti prosent av produksjonen vart stengt ned. Då fabrikken var klar til å starte opp att, vart  den råka av eit nytt straumbrot den 15. juni.

– Dei to strømbrota me har hatt i år har satt organisasjonen vår på to tøffe prøvar. I begge situasjonene gjorde dei tilsette ein strålande jobb for å minimera skadeomfanget, uttaler fabrikksjef Wenche Eldegard i ei pressemelding frå Hydro.

Les òg: Aldri opplevd liknande straumbrot
Les òg: Difor var straumen vekke

I pressemeldinga står det at tala blir trekte opp av forsikringsoppgjeret etter straumbrotet i januar.

Porten.no kjem tilbake med meir.

Til toppen