PLUSS: Første kvartal i 2020 viser oppløftande resultat for Hydro.
PLUSS: Første kvartal i 2020 viser oppløftande resultat for Hydro. (Foto: Hydro)

Hydro med milliardoverskot trass koronakrise

Selskapet bur seg likevel på at 2020 blir eit tøft år.

Årdal/Høyanger: Trass koronakrisa la Hydro onsdag fram eit overskot på 2,3 milliardar før skatt dei første tre månadane av året, opp frå 559 millionar i same kvartal i fjor.

I ei pressemelding skriv selskapet at virusutbrotet har ført til stor uvisse i marknaden, men at den negative økonomiske effekten var avgrensa i første kvartal. Opptrapping av råstoffproduksjon i Brasil, reduserte kostnader og gunstige valutaendringar bidrog til det positive resultatet, skriv Hydro.

Resten av året forventar dei framleis stor uvisse og kraftig nedgang i etterspurnaden som følgje av krisa.

– Me har sett i verk kraftfulle, korrigerande tiltak for å tilpassa oss til Covid-19-situasjonen, og me vil kontinuerlig vurdera vidare tiltak ettersom situasjonen utviklar seg, seier konsernsjef Hilde Merete Aasheim i pressemeldinga.

Hydro-aksjen reagerte med eit hopp på Oslo Børs då dei oppløftande resultata vart kjende, opp over 7 prosent då handelen starta onsdag morgon.

Til toppen