Årdal: EiendomsMegler 1 Midt-Norge mottok prisen «Årets norske leanverksemd 2016» under Lean Forum Norges årskonferanse tysdag kveld, melder forumet på si nettside.
Det betyr at heller ikkje i år, for andre år på rad, klarte Årdal Metallverk å nå heilt til topps med sitt betringsarbeid kalla Aluminium Metall Business System, forkorta til AMBS.
Systemet Hydro deltok med, har dei jobba med i mange år og handlar kort fortalt om å skapa stabilitet i produksjonen og ha kontinuerleg betring.
Den siste finalisten var AS Norske Shell, og både dei og Hydro vart berømma for bruken av strukturert betringsarbeid for å skapa konkurransekraft, svært aktiv involvering av tilsette og tillitsvalde og betringsarbeid og gode resultat.
Når det gjeld vinnaren derimot, stakk dei seg ut for sitt ekstreme kundefokus og kultur for å byggja og utvikla menneske. Dette har igjen gitt betydelege resultat i form av dominerande marknadsdelar.