NORSK: At Kristoffer Hivju og aluminium har mykje til felles - fødde mellom fjord og fjell i Noreg, verdsett av millionar og så vidare - er poenget i den nye reklamefilmen til Hydro. Skjermbilete frå reklamefilmen 
NORSK: At Kristoffer Hivju og aluminium har mykje til felles - fødde mellom fjord og fjell i Noreg, verdsett av millionar og så vidare - er poenget i den nye reklamefilmen til Hydro. Skjermbilete frå reklamefilmen 

Hydro og Hivju i Hollywood

I sin siste reklamefilm har Hydro fått hjelp av Noregs største Hollywood-stjerne. Her kan du sjå filmen.

Hydro set søkjarlyset på ein av Noregs aller største berømtheiter i utlandet, nemleg aluminium. Derfor blei ein annan norsk berømtheit i utlandet, Kristofer Hivju, med til Hollywood for å spela rolla som – ja, nettopp norsk berømtheit i utlandet. 

– Eg syntest ideen i denne filmen var så god at dette var noko eg ønskja å bli med på. Eg var heller ikkje klar over at aluminium er ei så viktig eksportvare for Noreg, seier Hivju i ei pressemelding.

Sjølv er han mest kjend for rolla si i den populære TV-serien Game of Thrones. 

Reklamefilmen er regissert av Hans Petter Moland. 

Tredje største eksportartikkel

Konsernsjef i Hydro, Svein Richard Brandtzæg, seier det lette og uendeleg resirkulerbare metallet frå Hydro er med på å forma kvardagen for millionar av menneske over heile verda, noko dei færraste er klar over.

– Kvart sekund produserer Hydro 32 kilo primæraluminium i Noreg, der det aller meste går til eksport. Det er faktisk berre petroleum og fisk som har større eksportverdi, seier han.

Global etterspurnad etter aluminium har dobla seg sidan år 2000, og det blir forventa framleis sterk vekst i etterspurnaden etter metallet fleire tiår framover i tid.

80 prosent mindre utslepp i Noreg 

Brandtzæg seier han håpar reklamekampanjen bidreg til at fleire blir klar over at aluminium frå Noreg står i ein særeigen posisjon i eit klimaperspektiv.

– Produksjon av aluminium krev mykje energi i produksjonsfasen, og nettopp difor er det veldig viktig at metallet blir produsert der det blir nytta fornybar energi, seier han.

– Aluminium som blir produsert basert på kolkraft, som er mest vanleg i verda i dag, slepp ut fem gonger meir klimagassar enn aluminium produsert i Noreg. Norsk vannkraftbasert aluminium er den reinaste i verda og heilt klart ein viktig del av det grøne skiftet, seier Brandtzæg.

Til toppen