KONSERNSJEF I HYDRO: Hilde Merete Aasheim seier at selskapet ønsker å styrka posisjonen som leverandør av aluminium med lågt karbonavtrykk og vil veksa innan fornybar energi. 
KONSERNSJEF I HYDRO: Hilde Merete Aasheim seier at selskapet ønsker å styrka posisjonen som leverandør av aluminium med lågt karbonavtrykk og vil veksa innan fornybar energi.  (Foto: Hydro / Halvor Molland)

Hydro og Lyse etablerer felles vasskraftselskap: – Ein gledens dag

I ein pressemelding melder Hydro at avtalen sikrar dei langsiktig industriell tilgang på fornybar vasskraft.

Sogn: Lyse og Hydro fusjonerer kraftverk på Sør-Vestlandet i nytt selskap, der Hydro sitt Røldal Suldal Kraft-anlegg (RSK) går saman med det meste av Lyse si kraftportefølje. Det nye selskapet vil få namnet Lyse Kraft DA og får ein årleg normalproduksjon på 9,5 TWh, der Hydro eig 25,6 prosent og Lyse eig 74,4 prosent.

Det er venta at avtalen vil føra til innsparingar med noverdi på om lag 500 millionar kroner totalt i Lyse Kraft DA. Dette vil bli realisert gjennom stordriftsfordelar, meir effektiv drift, samt nye måtar å jobba på ved hjelp av digitalisering, samhandlingsløysingar og investeringsprosjekt.

Les òg: Eldegard om endra nettariff: – Kan gå utover arbeidsplassar

Blir større fornybaroperatør

– Dette er en gledens dag for oss som trur på norsk fornybarbasert industri, seier konsernsjef i Hydro, Hilde Merete Aasheim.

– Avtalen er strategisk svært viktig sidan den tek vare på verdiane som RSK-anlegga representerer for Hydro og bidreg til føreseielegheit for vidare industriutvikling i Norge, seier ho.

Om Lyse

  • Lyse er eit norsk konsern med virksomheit innan energi, telekommunikasjon og infrastruktur.
  • Konsernet er ein nasjonal aktør innan fornybar og regulerbar vannkraft.

Aasheim fortel at selskapet ønsker å styrka posisjonen som leverandør av aluminium med lågt karbonavtrykk og vil veksa innan fornybar energi. 

– Avtalen byggjer opp under begge desse måla ettersom me både sikrar langsiktig tilgang på fornybar kraft og fordi me blir en større vasskraftoperatør, sier ho.

Avtalen er forventa å bli gjennomført i fjerde kvartal 2020, avhengig av godkjenning frå Konkurransetilsynet.

Til toppen