FEKK FORSKINGSKRONER: NorSun fekk 16 millionar kroner til forsking og utvikling. Hydro Aluminium fekk òg midlar.
FEKK FORSKINGSKRONER: NorSun fekk 16 millionar kroner til forsking og utvikling. Hydro Aluminium fekk òg midlar. (Foto: Norsun)

Hydro og NorSun får nesten 40 millionar kroner til forsking

Når Forskningsrådet skal dela ut 1,25 milliardar kroner til forsking, står Hydro Aluminium og NorSun på mottakarlista.

Sogn: Måndag offentleggjorde Forskningsrådet lista over kva bedrifter som får del av 1,25 milliardar i forskingskroner. På lista var to sogneverksemder. 

Hydro Aluminium og NorSun får til saman 37,6 millionar kroner til forsking og innovasjon.

NorSun fekk tildelt 16 millionar kroner til å utvikla berekraftige solcelleskiver (semiconductor substrates) for morgondagens solceller.

Hydro Aluminium fekk tildelt midlar for tre søknadar som gjekk ut på innovasjon, energieffektivitet knytt til støypeomnar, og utvikling av resirkulert aluminium.

– Forsking og innovasjon blir stadig viktigare når me skal omstilla oss. Me ønskjer at fleire bedrifter skal satsa og investera for å utvikla framtidas næringsliv. Pengane skal bidra til at bedrifter torer å satsa på prosjekter som gir store verdiar til samfunnet, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding. 

Forskningsrådet fekk totalt 352 søknadar frå bedrifter i alle fylke. Bedriftene som har søkt driv i hovudsak med industri og tenester, hav, petroleum, miljøvennleg energi og CO2-handtering, og mat og landbaserte bioressurser.

Fagekspertar på dei ulike områda har vore involverte i prosessen for å velja ut dei beste kandidatane, opplyser Forskningsrådet. 

Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen