SAMARBEID: Hydro skal opprettar eit femårig gåveprofessorat til NTNU, verdt inntil 10 millionar kroner. Foto: Arkiv. 
SAMARBEID: Hydro skal opprettar eit femårig gåveprofessorat til NTNU, verdt inntil 10 millionar kroner. Foto: Arkiv. 

Hydro og NTNU samarbeidar om nye produkt

Hydro og NTNU lanserar senter for forskning på framtidas aluminiumsprodukt. 

Hydro skal opprettar eit femårig gåveprofessorat til NTNU, verdt inntil 10 millionar kroner. Professoratet støttar opprettinga av «NTNU Aluminium Product Innovation Center» (NAPIC).

Visjonen deira er å finne nye produktområde for aluminium, samt etablera NTNU som verdsleiiande innan bruk av aluminiumsprodukt, skriv Hydro i ei pressemelding. 

Gjennom eit unikt samarbeid mellom NTNU-fakulta i Trondheim, Ålesund og Gjøvik vil NAPIC forska på bruk av aluminium innanfor arkitektur, produktdesign, materialteknologi og produktutvikling.

Spydspiss for forskning

– Aluminium er kraft og kunnskap i fast form, og Noreg er allereie i verdstoppen på forskning og innovasjon innanfor vår industri. Med dette senteret har me ein spydspiss for å skapa nye bruksområder for aluminium, seier teknologidirektør i Hydro, Hans Erik Vatne.

Hydro ser på aluminium som framtidas metall, og bruksområda er nærmast ubegrensa. Med NAPIC vil ein jobba for å utvikla nye, innovative aluminiumsprodukt.

Med eit dedikert senter for dette arbeidet, vil ein kunne kombinera den eksisterande NTNU-ekspertisen på materialteknologi, modellering og prosessering, med kreativ tankegang og systematisk tilnærming til produktinnovasjon.

Viktig satsning

Rektor ved NTNU, Gunnar Bovim, seier at satsningen styrkar NTNUs forskning på eit viktig felt.

– NTNU har lang tradisjon for å forska på aluminium og bruk av materialet. Dette professoratet og NAPIC gjer oss i stand til å satsa enda sterkare på eit felt som er viktig for Norge, sier han. 

– For oss ved NTNU er det heilt naturleg å samarbeide med industri og næringsliv. Den faglege uavhengigheita er sikra, samstundes som eit slikt professorat må sjåast på som ein trygg investering for Hydro. Me vil forvalte investeringa godt, sier Bovim.

Det tverrfaglige samarbeidet ved NAPIC vil i all hovudsak forgå mellom Institutt for produktutvikling og materialer, Institutt for produktdesign, Institutt for materialteknologi og Fakultet for arkitektur og billedkunst.

Med NTNU Ålesund sin deltaking, vil ein kunne dra nytte av fakultetet sin link til norsk skips- og møbelindustri, medan NTNU Gjøvik vil kunne bidra med si sterke tilknytning til den industrielle aluminiumsklyngen på Raufoss.

Positive tilbakemeldingar

– Senteret vil vere eit samarbeid mellom NTNU, aluminiumsindustrien og deira kundar, og doktorgradsstudentar frå dei involverte institutta og fakulteta vil jobbe saman om oppgåver som er relevante for industrielle partnarar som vil bli knytta til senteret, sier Vatne.

Han legg til at responsen frå diverse industribedrifter, organisasjonen Norsk Industri, samt Norsk Forskningsråd har vore utelukkande positiv til initiativet. 
NAPIC vil etter all sannsynlegheit ha base ved Institutt for produktutvikling og materiale i Trondheim. Oppstart er venta tidligast hausten 2016.

Til toppen