Årdal: I den eittårige samarbeidsavtalen som Hydro og WWF no har signert, går det fram at dei to skal «stimulere til å identifisere og utvikle nye forretningsmoglegheiter på vegen mot lavkarbonsamfunnet.», skriv WWF i ei pressemelding.

– Dette er eit samarbeid eg ser fram til! Målet er at vi skal utveksle innovative løysingar som kan bidra til utsleppskutt, samtidig som vi tek vare på naturmangfaldet. Vi har ulike utgangspunkt, men vi er opptekne av å nå det same målet, seier generalsekretær i WWF Nina Jensen.
Det er ikkje første gong det største industriselskapet i Noreg og naturvernorganisasjonen samarbeider til det beste for klimaet. Tidlegare har Hydro og WWF samarbeidd om Telysjakta, der 87.000 skole- og barnehagebarn gjennom tre år deltok aktivt med å samle inn brukte telyskoppar av aluminium til resirkulering. (©NPK)