MANGLAR RÅSTOFF: Hydro orsakar støving på Årdalstangen. Like før klokka 12.00 i dag var det derimot lite teikn til problemet.
MANGLAR RÅSTOFF: Hydro orsakar støving på Årdalstangen. Like før klokka 12.00 i dag var det derimot lite teikn til problemet. (Foto: Porten.no-tipsar)

Hydro orsakar sjenerande støv – skapt av råstoffkrisa i Brasil

Redusert produksjon i Brasil, gjer at Hydro må henta råstoffet til aluminiumsproduksjonen andre plassar. Det har fått støvete konsekvensar i Årdal.

Årdal: Hydro Aluminium orsakar i ei pressemelding i dag at lossing av råstoffet alumina har ført til sjenerande støv på Årdalstangen.

– Me skal gjera det me kan for å avgrensa problemet, seier fabrikksjef Wenche Eldegard i pressemeldinga.

ORSAKING: Fabrikksjef Wenche Eldegard forsikrar at dei gjer det dei kan for å avgrensa støvproblema. Foto: Norsk Hydro/arkiv. Foto: Norsk Hydro

Årsaka til problemet er redusert produksjon ved Alunorte-anlegget til Hydro i Brasil. Årdal Metallverk får normalt råstoffet dei treng for å laga aluminium frå dette anlegget.

– For at Brasil-situasjonen ikkje skal påvirka vår produksjon i Årdal, må me no ta inn aluminiumsoksid frå andre produsentar. Diverre er det særs liten partikkelstorleik hos nokre av desse leveransane, noko som gir oss utfordringar når lasta skal lossast, spesielt med tanke på støving, seier Eldegard.

Ho opplyser at Hydro er i dialog med myndigheitene i Brasil for å kunna ta opp att full produksjon ved Alunorte. Uro kring utslepp førte til at Hydro fekk ordre om å stenga ned deler av produksjonen i februar. Sidan anlegget er det største i verda, har det ført til mangel på alumina på marknaden.

– Me håpar og trur på ei snarleg løysing av situasjonen, men det er enno ikkje mogleg å seia noko om når leveransane vil normalisera seg. Me beklagar på det sterkaste at støving frå anlegget vårt har vore til sjenanse, seier fabrikksjefen.

Til toppen