Selskapet må finne alternative ruter for aluminiumseksporten frå Qatar etter at fire golfstatar kutta transportsamband og diplomatiske band med landet, melder E24.
Hydro som eig halvparten av aluminiumsverket Qatalum i Qatar, prøver å løyse utfordringane.
Som eitt av dei største aluminiumsverka i verda, produserer Qatalum 600.000 tonn aluminiumsprodukt i året. Det meste av produkta frå verket blir sende til Jebel Ali-hamna i Dubai.
– Men denne hamna ser ut til å vere stengt for alle qatarske sendingar frå tysdag morgon, skriv Norsk Hydro i ei pressemelding.
– Jebel Ali er ei såkalla megahamn, og veldig mykje går via den hamna. No må vi finne alternativ til denne hamna. Det viktigaste er å unngå forseinkingar, eller i alle fall sørgje for at forseinkingane ikkje blir større enn nødvendig, seier visepresident for kommunikasjon Erik Brynhildsbakken i Norsk Hydro til avisa.
– Kjem de til å tapa mykje pengar på dette?
– Det vil me ikkje spekulera i no. No er me opptekne av å få logistikken på plass.