HYDRO: Hydro kjem med koronatiltak.
HYDRO: Hydro kjem med koronatiltak. (Foto: Hydro/Marius Motrøen/Arkiv)

Hydro set i gang koronatiltak

Det kjem fram i ei pressemelding.

Årdal/Høyanger: Korona-situasjonen er utfordrande for den globale økonomien og skapar uvisse for Hydro si verksemd, står det i ei pressemelding frå selskapet torsdag kveld.

Dei tek no grep for å trygga arbeidsmiljøet, støtta lokalsamfunn, oppretthalda aktiviteten og sikra betalingsevna. Tiltaka omfattar mellom anna å trekka tilbake tidlegare lovnader om utbyte, samt å frysa investeringar. 

– Helsa og tryggleiken til dei tilsette og lokalsamfunna der me held til er vår viktigaste prioritet. Med kraftfulle tiltak og beredskapsplanar på tvers av selskapet, vil me halda fram operasjonane våre så langt det er mogleg, til fordel for dei tilsette, verksemda, lokalsamfunn og samfunnet for øvrig, seier konsernsjef Hilde Merete Aasheim.

– Me vil vurdera andre tiltak fortløpande i takt med korleis situasjonen utviklar seg, seier ho.

Noverande tiltak inkluderer:

  • Midlertidig reduksjon og oppseiingar
  • Hydro frys 25 prosent av gjenverande 2020-investeringar
  • Utsetting av gjenopninga ved Husnes aluminiumsverk
  • Kostnadskutt og kostnadsdisiplin på tvers av selskapet
  • Lønnsfrys for konsernleiinga og ingen bonus for 2020
  • Styrevedtak om å endra utbyteforslaget på 1,25 kroner per aksje, og i staden føreslå at styret får fullmakt til å ta avgjerd om utbyte seinare, dersom tilhøva ligg til rette for det

Skal begrensa spreiingen av korona

Hydro følgjer råda fra lokale og internasjonale helsemynde for å stagge spreiinga og verknaden av korona. Førebyggande tiltak inkluderer alternative skift, fråskilde einingar, reiserestriksjonar, sosial distansering og tiltak for personleg hygiene.

– Vår første prioritet er å beskytta mennesker og verksemda, samtidig er det óg viktig å tenkja framover. Me har satt ei klar retning for Hydro for å løfta lønsemda og berekraft, og me må bu oss på å venda tilbake til normal drift, seier Aasheim.

– Ved å ta solide grep og tilpassa oss til den skiftande etterspurnaden, er me posisjonerte for å vera raskt tilbake til normalen så snart situasjonen tillet det. Eg er imponert over fleksibiliteten og engasjementet hjå våre medarbeidarar.

Porten.no kjem tilbake med meir informasjon.

Til toppen