INVESTERER: Hydro investerer 60 millionar kroner i karbonanlegget ved Hydro Årdal. Foto: Norsk Hydro.
INVESTERER: Hydro investerer 60 millionar kroner i karbonanlegget ved Hydro Årdal. Foto: Norsk Hydro.

Hydro skal auke produksjonen av anodar – investerer 60 millionar kroner

Hydro Aluminum investerer 60 millionar kroner i Årdal for å auke anodeproduksjonen, skriv selskapet i ei pressemelding.

Årdal: Målet er då å oppgradere og auke anodeproduksjonen ved karbonanlegget i Årdal med 30.000 tonn per år. No har avgjerda fått grønt lys.

Dette vil bidra til å auke dagens produksjon frå 190.000 tonn i året til 220.000 tonn, noko som vil styrka lønsemda til anlegget, som forsyner både Årdal og andre Hydro-metallverk med anodar. 

Ei endeleg byggeavgjerd er venta seinare i år, og utvidinga er planlagt ferdigstilt i 2018.

VIKITIG: Fabrikksjef Wenche Eldegard seier investeringa er viktig og ei stadfesting på langsiktig satsing i Årdal. 
VIKITIG: Fabrikksjef Wenche Eldegard seier investeringa er viktig og ei stadfesting på langsiktig satsing i Årdal. 

– Dette er ei viktig investering, og ei stadfesting på vidare, langsiktig satsing på utvikling av Årdal metallverk, seier Wenche Eldegard, som er fabrikksjef.

Produserer meir effektivt

Målet med prosjektet er å lage større anodar på opp til 1800 millimeter. På denne måten vil ein kunne hente ut meir frå kvar enkelt anode i produksjonen.

– Karbonanlegget vil levera anodar til teknologipiloten på Karmøy, Hydro Høyanger, Hydro Sunndal og til vårt eige metallverk i Årdal, som alle går mot å bruke større anodar i sine elektrolyseprosessar. Det er difor viktig at me utviklar karbonanlegga våre i takt med kunden sitt behov, seier Eldegard, som fortalte om prosjektet då Hydro hadde eit såkalla «nabomøte» i Årdal i mars.

Då fortalte ho at oppgraderinga ikkje ville gi fleire tilsette. 

– Det oppgraderte anlegget vil bidra til at me kan produsere anodar meir effektivt og med lågare kostnad per tonn, noko som styrkar vår konkurranseposisjon, held ho fram.

Anodar vert laga av karbonrike materiale og er ein viktig innsatsfaktor i elektrolyseprosessen, der oksygen frå aluminiumsoksid reagerer med karbon og frigjer aluminium. Typisk vert det brukt litt meir enn 400 kilo karbonanodar per tonn aluminium som vert produsert gjennom elektrolyse.

Til toppen