STORE KUTT: Konsernsjef i Norsk Hydro, Svein Richard Brandtzæg, varslar kutt i milliardklassen dei komande fire åra. Foto: Flickr/Norsk Hydro.
STORE KUTT: Konsernsjef i Norsk Hydro, Svein Richard Brandtzæg, varslar kutt i milliardklassen dei komande fire åra. Foto: Flickr/Norsk Hydro.

Hydro skal kutte stort

Hydro skal kutta 2,9 milliardar norske kroner fram til 2019.

Årdal: Det annonserte konsernsjef Svein Richard Brandtzhæg i Norsk Hydro i førre veke då selskapet arrangerte kapitalmarknadsdag på London Stock Exchange, skriv E24.

Ambisjonane dei komande åra er «større, betre og grønare». Dette inneberer kostnadskutt på 2,9 milliardar kroner fram til 2019.

– Innstillinga hjå oss i Hydro er at alt som vert gjort i dag, kan gjerast betre enn i går. Eg trur me aldri kjem til det punktet at me no synest det er godt nok. I vår prestasjonskultur vil nok våre tilsette føle at tinga kan gjerast betre og betre kvar dag, seier han ifølgje E24.

Desse kostnadskutta i milliardklassen kjem på toppen av tre år md kutt på 3,7 milliardar mellom 2011 og 2014, og 800 millionar kroner i år. Lokalt vil dette bety kutt på 20 millionar kroner i Årdal neste år, seier verkssjef Egil Fredriksen til Sogn Avis.

– Det skal mye til før jeg blir fornøyd, for jeg vet at det hele tiden er forbedringspotensial, seier Brandtzæg vidare.

Samstundes som det kjem kutt, varslar også større investeringar framover. Desse vert estimert til 5,8 milliardar kroner i 2015 og 8,6 milliardar kroner neste år. 2016-estimatet er høgste sidan 2009 då selskapet gjorde store investeringar i Quatalum.

Til toppen