KAN RÅKA ÅRDAL: Råstoffkrisa til Hydro i Brasil kan få store konsekvensar for aluminiumsverket i Årdal. Onsdag vart tillitsvalde informerte om situasjonen av leiinga.
KAN RÅKA ÅRDAL: Råstoffkrisa til Hydro i Brasil kan få store konsekvensar for aluminiumsverket i Årdal. Onsdag vart tillitsvalde informerte om situasjonen av leiinga. (Foto: Sunniva Knutsen)

Hydro om konsekvensane Brasil-krisa får for Årdal: – Kan ikkje utelukka noko

Hydro varsla onsdag at dei stenger ned dei to største anlegga i Brasil. Mangel på alumina kan få store konsekvensar blant dei norske smelteverka.

VIL IKKJE SPEKULERA: Informasjonsdirektør i Hydro, Halvor Molland, vil ikkje spekulera i moglege konsekvensar for Årdal, men seier at dei ikkje kan utelukka noko. Foto: Hydro ASA

Årdal / Brasil: Onsdag gjekk Hydro ut med meldinga om at dei skal stenga dei to viktigaste anlegga i selskapet; aluminaraffineriet Alunorte og gruvene i Paragominas, der bauksitt vert omgjort til alumina.

Alumina er ein sentral ingrediens i aluminium.

Det er ei ferskvare, det er ikkje noko me kan lagra over veldig lang tid, så me er avhengige av produsentar som kan produsera og levera. Andre produsentar enn Hydro har òg utfordringar med produksjon av alumina no, så marknaden er trong, seier Halvor Molland, informasjonsdirektør i Hydro til Porten.no. 

– Når me no startar med nedstenginga av heile Alunorte, vil det kunne få konsekvensar for dei norske smelteverka, seier han. 

– I verste fall, kva kan konsekvensen vera for Årdal? 

– Me ønskjer ikkje å spekulera i det. Me jobbar for å gjera det me kan for at konsekvensen blir minst mogleg. Men i den situasjonen me er i i dag, kan me ikkje utelukka noko, seier Molland. 

Råstoffkrisa i Brasil

  • Alunorte er verdas største aluminaraffineri, og er eigd av Hydro.
  • Alumina, eller aluminiumoksid, er eit viktig råstoff i framstillinga av alumiminium.
  • Hydro har sidan februar i år vore i konflikt med miljøstyresmaktene i Brasil. Dei påstår at utslepp frå deponia til raffineriet skal ha forureina drikkevatn i samband med ein stor flaum i regionen.
  • Hydro viser til undersøkingar som dei meiner stadfester at det ikkje har vore slike skadelege utslepp.
  • Sidan mars i år har Alunorte produsert for halv maskin, etter pålegg frå brasilianske styresmakter.
  • Onsdag 3. oktober annonserte Hydro at dei er i ferd med å setta i verk full nedstenging av produksjonen ved Alunorte.
  • Årsaka er mellom anna at Hydro ikkje har fått løyve til å bruka eit nytt deponi for bauksittrestar, medan det gamle er i ferd med å bli fullt.

Eldegard: – Har alumina for ein periode

Wenche Eldegard, fabrikksjef ved Hydro Årdal, seier det er for tidleg å seie kva for konsekvensar dette kan ha for bygda. 

– Det er for tidleg å seia. Det kan få konsekvensar for Årdal på sikt. Me har Alumina for ein periode framover, og det blir jobba med å sikra vidare inndekning. Utover dette har me ingen kommentarar no, seier ho. 

Molland seier at Hydro vil gjera det dei kan for å sikra alumina til verka i Noreg, men at det vil vera utfordrande sidan råvara er veldig etterspurt. 

– Verdsmarknaden har vore anstrengt grunna minka tilgjengelegheit og auka pris på alumina, i tillegg til at Alunorte har gått på halv produksjon. Det er ikkje veldig mykje på marknaden no.

Gått for halv maskin

Sidan mars har Alunorte, verdas største verk for produksjon av alumina, gått for halv maskin etter at Hydro i februar fekk ordre av brasilianske myndigheiter om å stenga ned delar av produksjonen, grunna uro rundt utslepp.

KAN FÅ KONSEKVENSAR I ÅRDAL: Wenche Eldegard, fabrikksjef ved Hydro Årdal, seier det er for tidleg å bekrefta kva konsekvensar nedlegginga av Alunorte vil ha for Årdal. Foto: Norsk Hydro

Dette bidro til at prisane på både det avgjerande råstoffet alumina og aluminium auka kraftig i første kvartal.

– Tilgangen på alumina er avgrensa i marknaden. Hydro jobbar for å sikra aluminalaster i den opne marknaden slik at me ikke risikerer produksjonskutt ved dei norske verka, sa Eldegard til Porten.no då. 

Til toppen