13 UTSLEPP HITTIL I ÅR: Det har vore 13 utslepp frå Hydro Karbon i år grunna trøbbel med reinseanlegget. No byttar dei varmevekslaren som ifølgje Wenche Eldegard, var skuldig i det 15-timar lange utsleppet i sommar.
13 UTSLEPP HITTIL I ÅR: Det har vore 13 utslepp frå Hydro Karbon i år grunna trøbbel med reinseanlegget. No byttar dei varmevekslaren som ifølgje Wenche Eldegard, var skuldig i det 15-timar lange utsleppet i sommar. (Foto: Sunniva Knutsen / Arkiv)

Hydro tek grep etter Miljødirektoratet avdekka «alvorlege feil og manglar»

30.juli var det eit gassutslepp frå karbonverket som varte i 15 timar. No byttar Hydro ein varmevekslar inne i LPG-gassanlegget, som ifølgje fabrikksjef var skuldig i utsleppet.

Årdal: Mykje merksemd har vore retta mot Hydro Årdal i sommar. Fleire har reagert på gass-utsleppa frå skorsteinane på karbonverket, etter trøbbel med reinseanlegget

Tysdag orienterte fabrikksjef Wenche Eldegard formannskapen i Årdal om utsleppssituasjonen på karbonverket. Dagen før publiserte Miljødirektoratet ein rapport frå tilsynet dei utførte på verka i Øvre Årdal og på Årdalstangen.

Der avdekka Miljødirektoratet totalt seks avvik, der to av dei var direkte knytt til reinseanlegget på karbonverket.

Avvik: – Mangelfull kontroll og vedlikehald av gassanlegg

«Verksemda sin kontroll og vedlikehald av LPG-anlegget er noko mangelfull», heiter det første avviket. 

Miljødirektoratet fann følgjande avvik

  • Verksemdas kontroll og vedlikehald av LPG-anlegget er noko mangelfull
  • Verksemda koplar ikkje inn eksisterande reserveanlegg ved utfall av RTO-anlegg, slik det er skildra i søknaden som er lagt til grunn for gjeldande løyve etter forureiningslova
  • Verksemda sine målingar av utsleppa til sjø frå massefabrikken er ikkje representative for dei faktiske utsleppa
  • Verksemda si årlege rapportering til Miljødirektoratet har nokre manglar
  • Hydro Aluminium, Årdal Karbon deklarerer farleg avfall på bedriftsnummeret til Hydro Aluminium, Årdal Metallverk
  • Verksemda følgjer ikkje regelverket for kontroll og vedlikehald av kjøleanlegg med fluorhaldige gassar fullt ut

Miljødirektoratet har tilsyn hjå Hydro annakvart år. Dette tilsynet hang ikkje direkte saman med utsleppa, seier Eldegard. 

– Dei ser oss i korta på absolutt alt me gjer, og det er bra. Jo meir krevande dei er, dess betre blir jo me som selskap, seier Eldegard.

Det første avviket går ut på varmevekslaren som havarerte inne i LPG-gassanlegget, og som ifølgje Eldegard var skuldig i det 15-timar lange utsleppet 30. juli i sommar. 

På naudavsug kjem det ut ein kombinasjon av både SO2- og PAH-gass, samt støv og fluor.

SO2 er svoveldioksid og PAH står for polysykliske aromatiske hydrokarbon, som er eit tjærestoff.   

Har skifta varmevekslaren

Eldegard seier at Hydro jobbar med å finna ut kva som kan ha ført til at varmevekslaren havarerte. Varmevekslarane er no skifta ut, og selskapet ventar på ein rapport frå leverandøren. 

Etter sommaren sette Hydro saman ei ekspertgruppe som har utvikla ein rapport. Fabrikksjefen opplyser at rapporten inneheld forslag til korleis selskapet kan bli betre, og at Hydro no skal gå igjennom den internt.

– Gruppa består av våre tekniske fagfolk, ingeniørar, vedlikehaldsfolk på karbonverket og driftsfolk. Så har me også hatt med personar frå leverandøren som dei har rådført seg med, seier Eldegard. 

Ho er sikker på at den inneheld gode forslag til korleis selskapet kan bli betre.

– Me har gjort mykje parallelt for å betra anlegget. Me har gjort endringar på vedlikehadsrutinar og i prosessen, som eg har tru på vil føra til at me ikkje skal få desse utsleppa framover.

Eldegard: – Krevjande avvik

Eldegard tykkjer problema med varmevekslaren har vore krevjande.

– Me har fulgt alle frå leverandør som kjenner anlegget best av alle, men likevel er det ikkje godt nok. Men som selskap må me ha betre rutinar der. Me jobbar saman med leverandøren no for å sjå om det er nokre rutinar som må betrast, og er det det så gjer me det.

Ho seier at Hydro tek situasjonen på høgste alvor, og at dei har gjort fleire tiltak etter sommaren. 

Dei har blant anna analysert reinseanlegget, og gått gjennom alt kritisk utstyr, og alt vedlikehaldet av utstyret.

– Der vil det òg koma nokre konklusjonar tidleg neste veke, seier Eldegard. 

Avvik: gamalt reinseanlegg

«Verksemda koplar ikkje inn eksisterande reserveanlegg ved utfall av RTO-anlegg, slik det er skildra i søknaden som er lagt til grunn for gjeldande løyve etter forureiningslova», heiter det andre avviket. 

– Dette gjeld eit gamalt tørreinseanlegg som var i bruk på tidleg 2000-talet. Når me installerte det reinseanlegget me har i dag, det som ein kallar for RTO, som var ny teknologi, var me litt usikre på om denne teknologien var god nok. Då ville me ha det gamle som back-up, både for å sjå om den nye teknologien fungerte som den skulle, men òg for å vera ein back-up dersom reinseanlegget datt ut over lengre tid, seier Eldegard. 

Ho seier at dei ikkje hadde høve å kopla dette anlegget inn på så kort tid, då det 15-timar lange utsleppet gjekk føre seg 30. juli. 

Ho seier dei har utarbeidd nye rutinar der dei stoggar produksjonen i staden for å kopla inn det gamle anlegget. 

– Me er i tvil om at dette anlegget ville ha klart å oppnå den reinseeffekten som me er avhengige av.

Direktør i Miljødirektoratet: – «Alvorlege feil og manglar»

– Det er alvorlege feil og manglar ved Hydros drift av anlegget i Årdal som me har avdekka ved dette tilsynet. Me forventar at ei så stor industriverksemd som Hydro har system for både vedlikehald og alternative løysingar dersom noko går gale. Me ser alvorleg på at det har vore ureinsa utslepp av røyk, sjølv om dei hadde høve til å bruka det gamle reinseanlegget som ein reserve, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet, i høve rapporten frå tilsynet, på deira nettstad

Til dette svarte Eldegard: 

– Me har god dialog med Miljødirektoratet men me tek dette på alvor. Me meiner at me har gode system, og me jobbar alltid for å bli betre. Utfallet frå reinseanlegga tek me på alvor, og no jobbar me for å løysa dei. Målet vårt er klart, me skal ikkje ha desse utfalla og me jobbar no for å få bukt med desse avvika.

Til toppen