KUTTAR STORT: Norsk Hydro skal gjere store kutt dei komande åra, men verkssjef Egil Fredriksen fortel at ingen ved Hydro i Årdal treng uroe seg for å miste jobben. Arkivfoto
KUTTAR STORT: Norsk Hydro skal gjere store kutt dei komande åra, men verkssjef Egil Fredriksen fortel at ingen ved Hydro i Årdal treng uroe seg for å miste jobben. Arkivfoto

– Hydro-tilsette i Årdal treng ikkje uroe seg

Hydro skal kutte 2,9 milliardar norske kroner fram til 2019, men verkssjef Egil Fredriksen fortel at Hydro-tilsette i Årdal ikkje treng uroe seg.

Årdal: At Hydro skal kutte 2,9 milliardar norske kroner fram til 2019 annonserte konsernsjef Svein Richard Brandtzhæg i Norsk Hydro tidlegare denne månaden, då selskapet arrangerte kapitalmarknadsdag på London Stock Exchange.

Grunngjevnaden bak kostnadskutta er endringa i ambisjonane til Norsk Hydro, og at dei no skal tenke «større, betre og grønare», noko som inneberer kostnadskutt.

Tidlegare denne månaden uttalte verkssjef Egil Fredriksen til Sogn Avis at kostandskutta i milliardklassen vil bety kutt på 20 millionar kroner i Årdal neste år. Likevel understrekar han til porten.no at ingen verkstilsette treng uroe seg for jobbane sine.

Krev meir fleksibilitet
Norsk Hydro går inn i 2016 med høge kostnadar og lave prisar, noko som gjer at det er meir avhengige av rett bemanning og meir fleksibel bemanning.

Fredriksen nemner og den naturlege nedbemanninga som skjer i ei bedrift, og han fortel at Hydro no har tre år føre seg med høg pensjon.

Såleis vil det difor på naturleg måte vere fleire tilsette ved Hydro Årdal ved inngangen til 2016, enn det vil vere ved utgangen av 2016.

– Hydro kjem ikkje til å seie opp nokon i Årdal, det kan me slå fast allereie no, fortel Fredriksen til porten.no

– Ingen kan spå framtida
Fredriksen understrekar også at ingen kan spå framtida, og at Hydro er avhengig av god dollarkurs og svak krone for å gjere det bra.

Ein kan difor ikkje spå dei naturlege endringane i marknaden, og Fredriksen fortel at dei er førebudd på at drifsåret 2016 ikkje vert like bra som driftsåret 2015 har vore.

Samstundes som det kjem kutt, varslar også større investeringar framover. Desse vert estimert til 5,8 milliardar kroner i 2015 og 8,6 milliardar kroner neste år. 2016-estimatet er høgste sidan 2009 då selskapet gjorde store investeringar i Quatalum.

Til toppen