TRE AV FIRE AV PRISMOTTAKARANE PÅ BILETET ER STASJONERTE I ÅRDAL: Martin Segatz (utviklingssjef for HAL4e Ultra), Kati Tschöpe (prosjektingeniør), Martin Walderhaug (prosjektingeniør) og Johannes Aalbu (forskningssjef for primærmetall i Hydro) tok i mot prisen på vegne av eit trettitals ingeniørar som har funne fram til banebrytande, energisparande nyvinningar. Foto: Erik N.H. Krafft
TRE AV FIRE AV PRISMOTTAKARANE PÅ BILETET ER STASJONERTE I ÅRDAL: Martin Segatz (utviklingssjef for HAL4e Ultra), Kati Tschöpe (prosjektingeniør), Martin Walderhaug (prosjektingeniør) og Johannes Aalbu (forskningssjef for primærmetall i Hydro) tok i mot prisen på vegne av eit trettitals ingeniørar som har funne fram til banebrytande, energisparande nyvinningar. Foto: Erik N.H. Krafft (KRAFFTWORK)

Hydro-tilsette i Årdal vann endå ein høgthengande pris

Prisen for teknologiutvikling vart vunnen av Hydro si forskingsavdeling innan aluminiumsproduksjon. Mange av prisvinnarane er knytte til verket i Årdal.  

Årdal: – Det er verkeleg kult at me vann prisen. Det er kjekt for ingeniørarane å verta hylla når me har gjort noko bra. Me er mange flinke folk som bur i Årdal og jobbar for Hydro, og når me no får pris, so vert me stolte, seier Johannes Aalbu, Hydro sin forskingssjef for primærmetall. 

Porten.no har nyss fortalt om at karbonfabrikken på Årdalstangen vann ein prestisjetung pris på Hydro-toppmøtet som var.

Men karbonfabrikken var ikkje det einaste årdalsinnslaget som fekk heider under møtet: Forskingsavdelinga til Hydro i Øvre Årdal var òg med på å vinna. 

Har testa prototypar dag og natt

– Teknologiprisen gjekk til alle oss som saman har forska seg fram til ein ny metode for å produsera aluminium utan å bruka so mykje energi som før. Soleis er me eit trettitals ingeniørar og forskarar som vann prisen i lag, fortel Aalbu vidare.

Ingeniørane og forskarane han snakkar om held til ved tre ulike Hydro-verk: I Porsgrunn, i den tyske byen Neuss og i Øvre Årdal.

Trass i den geografiske distansen mellom verka har dei arbeidd tett saman for å oppnå resultat.

Absolutt all uttesting har gått føre seg i Øvre Årdal. 

– Hydro har sjølve industrilaboratoriet sitt i Årdal. Prototypane til fabrikkane i Høyanger, Sunndal, Slovakia, Qatar og no Karmøy, har alle vorte testa ut i Øvre Årdal. Her har me fullskala uttesting av prototypar dag og natt, seier Aalbu.

Han meiner det gode samarbeidet mellom forskarane, ingeniørane og arbeidarane gjer at bedrifta har greidd å omsetja teknologi og forsking til resultat som kan nyttast på alle fabrikkane. 

– Me får håpe at tidene vert gode slik at alle fabrikkane våre kan fornye seg med denne teknologien. Årdal-samfunnet kan vera stolt over å bidra til at Hydro utviklar seg over heile verda, seier Aalbu.

Elektrolysecelle som brukar mindre energi

Det nye verket til ein milliard kroner som skal koma til Husnes er blant dei som vil byggja på teknologien som forskingsavdelinga til Hydro i Øvre Årdal har kome opp med. 

– Me har laga ei ny elektrolysecelle som brukar mykje mindre energi under aluminiumsproduksjonen enn førre generasjon. For å setja i verk teknologien som har vorte testa ut i Årdal laut me byggja eit heilt nytt verk og valet fall på Karmøy, fortel Aalbu.

– Me ser fram til at teknologipiloten skal starta før nyttår. Det kjem òg til å vera folk fra Årdal i staben på Karmøy. Elektrolyseteknologien som dei har funne fram til kjem til å koma alle aluminiumsverka åt Hydro til gode, inkludert Årdal, seier Wenche Eldegard, sjef for Hydro i Årdal. 

Prisen dei fekk tildelt skriv seg eigentleg frå løysingar dei kom fram til alt i år 2016, men sidan Hydro har slike toppmøte so sjeldan, var det fyrst no det vart aktuelt å overrekka prisen.

 
Til toppen