FLUOR: Trass i at utsleppa ved Hydro har gått ned siste åra, er det høg fluorbelastning for hjorten i Årdal, særskild individa som held seg nær fabrikken. Illustrasjonsfoto 
FLUOR: Trass i at utsleppa ved Hydro har gått ned siste åra, er det høg fluorbelastning for hjorten i Årdal, særskild individa som held seg nær fabrikken. Illustrasjonsfoto  (Foto: Hydro Aluminium Årdal)

Hydro: – Vanskeleg å forstå at resultata er slik

–Me jobbar no med å identifisera og setja i verk tiltak for å redusera utsleppa, seier fabrikksjef Wenche Eldegard. 

Årdal: Av ein fersk rapport frå Veterinærinstituttet går det fram at 41 prosent av kjevane som vart analyserte etter hjortejakta i 2015 hadde fluorskader på tennene av ulike grader.

Les også: Mykje fluorskader på hjorten i Årdal

Eldegard er overraska over dette resultatet.

– Me hadde ønskt og venta betre resultat. Dette tek me jo alvorleg og vil setja inn ekstra tiltak for å koma ned på fluorutslepp Me har gjennom mange år betydeleg redusert fluorutsleppa frå metallverket. Likevel viser undersøkingane at dagens, lågare utslepp gir framleis fluorbelastning, spesielt hjå hjort som oppheld seg i nærleiken av verket.

Jobbar med å forstå samanhengen

OVERRASKA: Fabrikksjef Wemche Eldegard seier Hydro hadde venta at undersøkingane gav andre resultat. Arkivfoto
OVERRASKA: Fabrikksjef Wemche Eldegard seier Hydro hadde venta at undersøkingane gav andre resultat. Arkivfoto

Fluorbelastnina i Årdal er kartlagt sidan 90-talet. I perioden er både Søderberg-anlegget stengt og ytterlegare tiltak gjennomført, slik at fluorutsleppa i dag er vesentleg lågare enn på 90-talet.

Rapporten viser at fluorbelastning av alvorleg karakter i hovudsak ser ut til å vera knytt til områda rundt verket. Hjortedyr som oppheld seg lengre frå verket har mykje lågare belastning. 

–Me vil halda fram med undersøkingar og saman med fagfolk på området jobba for å forstå samahengen mellom utslepp og belastning på hjorten. Samstundes jobbar me med å redusera utsleppa av fluor frå metallverket, seier Eldegaard. 

Utsleppa av fluor frå verket er underlagt konsesjon, og varierer i høve temperatur. Straumstansane i 2016 førte også til høgare utslepp i ein periode. Totalt sett er utsleppa gjennom året i øvre sjikt av konsesjonsgrensene som er sett på månedsbasis og 12 månaders gjennomsnitt. 

– Me forheld oss til konsesjonen som er gitt frå Miljødirektoratet, men jobbar altså med å få ned utsleppa, seier Eldegard

Til toppen