Sogn: Hydro tente 949 millionar kroner før renter og skatt i andre kvartal 2020, eit resultat som er betre enn i same periode i fjor. Samstundes stupte inntektene med meir enn åtte milliardar til 30,9 milliardar kroner, ein nedgang på 21 prosent.
I ei pressemelding måndag legg selskapet difor vekt på behovet for ytterlegare kostnadskutt.
– Me er inne i ein svært krevande periode, og eg er glad for at me evnar å ta vare på folk og drift, halda hjula i gang og sikra likviditeten. Samtidig posisjonerer me selskapet for framtida, seier konsernsjef Hilde Merete Aasheim i pressemeldinga.
Det globale brutto nasjonalproduktet og industriproduksjonen har minka i kvartalet, noko som fører til redusert etterspurnad etter aluminium, opplyser Hydro. Viruspandemien held fram å skapa uvisse, sjølv om fleire land, særleg Kina, viser teikn til oppgang.
Som kjent jobbar den norske industrigiganten med å kutta kostnader for 4,1 milliarder kroner innan 2020, og 7,3 milliarder kroner innan 2023. Samtidig ønskjer dei å utvida aktiviteten til område som både passar kompetansen i verksemda, og følgjer store globale trendar, slik som resirkulering, fornybar energi og batteri.
Resultata frå dei lokale smelteverka er venta klokka 11:00.