GODE SIGNAL: Signalet frå konserndirektør i Norsk Hydro, Hilde Merete Aasheim, er at dei ønskjer å halde fram med dei fem verka som er i Årdal. Det lovar godt for verket i Årdal. Bilete viser verkssjef Egil Fredriksen (til høgre) då næringsminister Monica Mæland besøkte verksemda tidlegare i år. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Hydro vil oppretthalde norske verk

Utviklinga i den norske kraftmarknaden gjer aluminiumsselskapet optimistisk.

Årdal: På Arbeidarpartiet sin industrikonferanse måndag fortalte konserndirektør i Norsk Hydro, Hilde Merete Aasheim, at selskapet har som mål å oppretthalde dei fem verka som er i Noreg i dag, skriv Dagens Næringsliv.

Det er sjølvsagt godt nytt for aluminiumsverket i Årdal. Det er utviklinga i den nordiske kraftmarknaden som gjer Hydro meir optimistiske til verksemdene i Noreg enn tidlegare.

– No er me meir optimistiske. Me ser føre oss eit nordisk kraftoverskot som gjer at me kan inngå konkurransedyktige kraftavtalar, seier Aasheim.

I år fyller Hydro 110 år, og ifølgje Aasheim ser dei føre seg 100 nye år i Noreg.

– Me vil halde fram med dei fem verka me har i Noreg.

Til toppen