INFORMERTE: HMS-sjef Hanne Hoel Pedersen og fabrikksjef Wenche Eldegard i Hydro Årdal informerte tysdag politikarane om kampen for å få ned fluorutsleppa frå metallverket.
INFORMERTE: HMS-sjef Hanne Hoel Pedersen og fabrikksjef Wenche Eldegard i Hydro Årdal informerte tysdag politikarane om kampen for å få ned fluorutsleppa frå metallverket. (Foto: Sunniva Knutsen)

Hydro vil testa ny teknologi for å få ned utsleppa som skadar tennene til hjorten

Fluor skapar framleis store problem for hjorten i Årdal, trass ei kraftig nedgang i utsleppa dei siste 50-60 åra. No vil Hydro bygga tjue pilotkammer for å testa ny renseteknologi.

Årdal: – Me er opptekne av å finna ut korleis me skal jobba anleis for å takla fluorproblemet, seier Wenche Eldegard, fabrikksjef for Hydro Aluminium.

Tysdag var ho invitert til formannskapet i Årdal for å fortelja politikarane kva metallverket gjer for å kutta utslepp av fluor.

Utsleppskutta har flata ut

HISTORISK NEDGANG: Fluorutsleppa i dag er langt lågare enn dei har vore. Likevel skapar dei problem for hjorten. Tabellen er saksa frå saksutreiinga til førre kommunestyremøte i Årdal kommune.

Bakgrunnen for invitasjonen er ein rapport frå Vetererinærinstituttet som viser at fluorutslepp framleis skapar store problem for hjorten i Årdal, spesielt rundt verka. 

Får hjorten for mykje fluor i seg når han utviklar tenner, vil emaljen bli dårlegare og tennene slita ut fortare. Slitasjen gir truleg oppleving av omfattande ising, står det i rapporten.

Historiske grafar viser at utsleppa av fluor ved Årdal metallverk har minka jamt og trutt, frå over 80 kilo i timen i 1960 til rundt 11 kilo i timen i dag. Samstundes var det nokre år midt på 90-talet at utsleppa låg rundt det same, og sidan 2008 har kurva flata ut.

Fabrikksjefen kunne likevel opplysa til formannskapet at fluorutsleppa i 2017 var dei lågaste så langt. På den andre sida har det vore fleire straumutfall dei siste åra, mellom anna to alvorlege i 2016, som har ført til periodar med relativt store utslepp ut på kort tid.

Skal testa ut ny renseteknologi

Eldegard seier dei skal testa ut ny filterposeteknologi på renseanlegget i Årdal, noko dei håpar skal redusera utsleppa ytterlegare. Den nye filterposen er utvikla på Hydro på Karmøy, og skal ha vore ein suksess der.

Filterposen er ein såkalla stjernefilterpose, og for å ta den i bruk må dei byggja tilpassa kammer i renseanlegget. 

Det første pilotkammeret blir bygd i 2019, dei ni neste kjem før 2020, medan dei ti siste kammera skal byggast frå 2020 og utover.

FLUORSKADE: Kjeveinnsamlingar syner at 41 prosent av hjorten felt under jakta i Årdal i 2015 hadde fluorskader på tennene, viser rapport frå 2017. No ønskjer Hydro å testa ny teknologi for å få bukt på utsleppa.  Foto: Illustrasjon/privat

– Me har som mål at me skal under ni kilo utslepp innan 2022. Desse tiltaka skal gjera at me når det målet, seier Eldegard. 

Konsesjonen frå Miljødirektoratet gir Hydro lov til å sleppa ut maks 13 kilo fluor i timen. Det betyr at Hydro for tida ligg under grensa. Samstundes er det venta at konsesjonen skal reviderast i løpet av året, noko som kan bety skjerpa krav.

– Hydro prioriterer miljø og samfunnsansvar høgt. Me blir tett følgt opp, slik at me ikkje bryt nokre konsesjonar. Det er noko me jobbar veldig mykje med, seier Eldegard.

Til toppen