DRASTISK: Onsdag opplyste Hydro at dei stenger aluminafabrikken Alunorte i Brasil (biletet). Den påfølgjande råstoffkrisa gjer at selskapet ikkje kan utelukka stenging av norske metallverk, som i Årdal. Ein kriseplan er sett i verk for å hindra at det vil skje.
DRASTISK: Onsdag opplyste Hydro at dei stenger aluminafabrikken Alunorte i Brasil (biletet). Den påfølgjande råstoffkrisa gjer at selskapet ikkje kan utelukka stenging av norske metallverk, som i Årdal. Ein kriseplan er sett i verk for å hindra at det vil skje. (Foto: Norsk Hydro/Flickr)

Hydro vurderer redusert produksjon i Norge for å hindra stengte metallverk

– Det er for tidleg å seia kva det fulle omfanget vil bli, men det vil ha store konsekvensar, seier konsernsjefen om råstoffkrisa.

Årdal/Oslo: Ifølgje Hydro-sjef Svein Richard Brandtzæg har selskapet nok av råstoffet alumina til å driva dei norske aluminiumsverka ut november. 

For å hindra produksjonsstopp er dei avhengige av å få nye forsyningar innan oktober. I mellomtida er dei alt i ferd med å setta i verk ein kriseplan.

UROA:Hydro-sjef Svein Richard Brandtzæg seier selskapet er i ferd med å setta i verk ein kriseplan for å hindra at dei går tom for alumina, og dermed må stenge norske metallverk. Foto: Norsk Hydro/Flickr

– Ved å redusera norsk produksjon med 10-20 prosent kan det hjelpa situasjonen mellombels, sa Brandtzæg då han orienterte investorar og bankar i ein telefonkonferanse onsdag kveld.

Tidlegare same dag opplyste Hydro at dei stenger ned verdas største aluminaraffineri i Brasil. Nyheita slo ned som ei bombe. Alumina er nemleg ein av hovudingrediensane i produksjonen av aluminium. I Årdal fryktar dei tillitsvalde at råstoffkrisa skal bli langvarig.

I verste fall kan fabrikken bli stengt.

– Det er for tidleg å seia kva det fulle omfanget vil bli, men det vil ha store konsekvensar, sa Brandtzæg om produksjonsstoppen i Brasil.

Kriseplanen til Hydro går mellom anna ut på å senka straumstyrken på fabrikkane i Norge, og ta gamle, mindre effektive omnar ut av produksjon. På den måten håper Hydro å spara alumina-råstoffet, og forhåpentlegvis hindra full stopp i produksjonen.

– Problemet med smelteverka er at ein omstart er veldig kostbart, opplyste Brandtzæg i telefonkonferansen.

FØRSTE STEG: Bergarten bauksitt blir nytta til å vinna ut alumina, som igjen blir brukt til aluminiumsproduksjon. Foto: Norsk Hydro/Flickr

Dramatisk avgjerd

Årsaka til stenginga av Alunorte er at det ikkje er plass til å lagra avfallet frå produksjonen. At det gamle deponiet nærma seg full kapasitet var kjent, men ingen hadde føresett at det skulle skje så fort.

I mars fekk Hydro pålegg om å redusera produksjonen til femti prosent, etter at ein flaum førte til utslepp frå deponiet. Brasilianske styresmakter har påstått at utsleppa førte til forureining av drikkevatnet i området. Hydro har heile tida avvist desse påstandane.  

No viser ferske undersøkingar, frå ekspertar hyra inn av Hydro, at det ikkje er trygt for miljøet å halda fram lagring på det gamle deponiet.

– Difor har me teke denne avgjerda, sjølv om ho er rimeleg dramatisk, sa Brandzæg.

Hydro har pressa på for å lov til å ta i bruk eit nytt deponi, med det dei meiner er langt meir miljøvenleg teknologi for lagring av overskotsmaterialet. Til no har dei ikkje fått gjennomslag. Brandztzæg opplyste at dei framleis er i dialog med styresmaktene i Brasil for å prøva å koma til semje.

INSPEKSJON: Her det inspeksjon ved det eine deponiet for bauksittrestar ved Alunorte-fabrikken. Foto: Norsk Hydro/Flickr

– Me kan ikkje sjå nokre grunnar, verken miljømessige eller andre, til at det nye pressfilteret og det nye deponiet skal vera omfatta av restriksjonane me har blitt pålagde, sa han.

Kan skaffa råstoff frå Kina viss dei må

Hydro-sjefen fortalde investorane at dei har testa alternativt råstoff sidan restriksjonane i Brasil vart innførde i mars. Konklusjonen er at kvaliteten på alumina frå Alunorte er å føretrekke. Til dømes er alumina frå Kina meir støvete.

– Me kan bruka kinesisk alumina, men ikkje utan visse komplikasjonar i drifta, sa Brandtzæg.

Han opplyste at det vil ta tid å tilpassa produksjonen til eit meir støvete råstoff, om det blir aktuelt. I tillegg minna han om at Kina er langt unna, og det vil ta tid å få frakteskip til Norge.

Brandtzæg vil ikkje spekulera i kor lang tid det vil ta før restriksjonane blir heva. Det er først avhengig av det brasilianske rettssystemet, deretter av dei lokale miljøstyresmaktene.

Men konsernsjefen merka seg at brasilianske styresmakter òg vart tekne på senga av nyhenda onsdag. Snart er det val. Då passar det dårleg at fleire tusen personar vert arbeidslause som følgje av at Alunorte og gruva som forsyner fabrikken med bauksitt vert stengde.

MANGELVARE: Alumina er råstoffet som blir til aluminium i norske smelteverk. No er det fare for at Hydro skal gå tom for den livsviktige ingrediensen. Foto: Norsk Hydro/Flickr

– Situasjonen er ikkje berre alvorleg for Hydro, den skaper òg hastverk i Brasil. Me har avtala fleire viktige møter i dag og dei komande dagane, møter som me har venta på å få i stand i lang tid. Det betyr ikkje at me ser løysingar, men det er godt å sjå at det er høg aktivitet, seier Brandtzæg.

Håpar på restriksjonsløft

Skulle dei få grønt lys, vil det ta mellom to og tre månader å sveiva i gang produksjonen att frå full stopp.

Til forskjell frå eit smelteverk er det ikkje ekstra kostnader knytt til ein slik omstart av aluminaraffineriet. Brandtzæg forklarte at dei har brukt tida med redusert produksjon sidan mars til å driva vedlikehald.

– Fabrikken er i veldig god stand, sa han.

Hydro ser helst at alle restriksjonane dei har blitt pålagde bli heva, slik at dei kan koma i gang med full produksjon så raskt som råd.

Om det ikkje er mogleg, vil dei òg vera nøgde med å få lov til å bruka det nye deponiet, slik at dei kan halde fram for halv maskin.

– Dei neste vekene vil avgjera mykje, spådde konsernsjefen.

Til toppen