Årdal: Naudetatane rykka klokka 17:46 ut til Hydro i Øvre Årdal etter melding om brann.

– Ukjent årsak, men skal vera ein god del røyk. Ikkje meldt om at nokon personar er skada eller sakna, skreiv politiet på Twitter ein halvtime etter.
Like etter den første meldinga kunne dei opplysa at brannen skulle vera slukka, ifølgje brannvesenet på staden.
– Skal ha vore lekkasje av hydraulikkolje som har teke fyr og avgitt mykje røyk. Politiet køyrer fram til staden for å undersøka, skriv dei.
Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no