SKIFTAR BEITE: Arvid Moss, no konserndirektør i Hydro innan forretningsområdet Energi, er innstilt til å overta etter Tore Ulstein som i juni går av etter fire år som NHOs president. Moss vitja Årdal då han opna Mannsberg kraftverk i januar. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun

Hydrodirektør innstilt som ny president i NHO

NHOs valkomité har innstilt Arvid Moss (59) som ny president i NHO. Moss er konserndirektør i Hydro med ansvar for forretningsområdet Energi.

I tillegg til ansvar for forretningsområdet Energi i Hydro har Moss ansvar for forretningsutvikling i konsernet.

Moss er innstilt til å overta etter Tore Ulstein som i juni går av etter fire år som NHOs president.

– Arvid Moss har omfattande industrierfaring frå ei av våre største medlemsbedrifter, svært solid styreerfaring og sterk politisk bakgrunn. Moss’ breie erfaring vil bidra til å styrkje NHOs posisjon i åra som kjem, og valkomiteen innstiller derfor Moss som presidentkandidat, seier Egil Olsvik, leiar av NHOs valkomité.

Moss seier han set stor pris på å bli innstilt som president av valkomiteen, og ser fram til å kunne jobbe for NHOs 25.000 medlemsbedrifter, så framt generalforsamlinga vel han til ny president og styreleiar i møtet 13. juni.

Til toppen