HYDROGENSATSING: Sogn og Fjordane fylkeskommune jobbar saman med kommunar for å kartlegge lokale moglegheiter for utsleppsreduksjon og næringsutvikling knytt til hydrogen. No ser dei på korleis dei kan kople på Årdal, som kan få ein hydrogen-fabrikk i det gamle Dooria-bygget. Foto: Truls Grane Sylvarnes (arkiv).
HYDROGENSATSING: Sogn og Fjordane fylkeskommune jobbar saman med kommunar for å kartlegge lokale moglegheiter for utsleppsreduksjon og næringsutvikling knytt til hydrogen. No ser dei på korleis dei kan kople på Årdal, som kan få ein hydrogen-fabrikk i det gamle Dooria-bygget. Foto: Truls Grane Sylvarnes (arkiv).

Hydrogen-satsing: – Ser på korleis me kan kople Årdal på

Sogn og Fjordane fylkeskommune jobbar saman med kommunar for å kartlegge lokale moglegheiter for utsleppsreduksjon og næringsutvikling knytt til hydrogen. 

Årdal: Prosjektet som fylkeskommunen allereie er i gang med, går såleis hand i hand med hydrogen-planane til Østfold Energi i Årdal.

– Eg tykkjer det er veldig spennande planar. Når det er snakk om storskala, er det uansett interessant for fylket, og me bidreg gjerne inn til prosjektet med nettverk og kompetanse, seier prosjektleiar Elisabet Kjerstad Bøe, som allereie har vore i dialog med Årdal Utvikling og Østfold Energi.

– Her har me snakka ein del med Årdal Utvikling om korleis me kan kopla dei på prosjektet til fylket og korleis me kan vere involvert i deira prosjekt og hjelpe til.

Strategisk satsingsområde

Hydrogenprosjektet har allereie fått 1,9 millionar kroner frå Sparebankstiftinga, og torsdag kunne dei juble for ytterlegare 800.000 kroner i støtte frå Miljødirektoratet. I dag er kommunane Flora, Høyanger, Bremanger, Eid og Selje kopla på prosjektet.

Artikkelen held fram under biletet.

HYDROGENKONFERANSE: Elisabet Kjerstad Bøe talte mellom anna under Hydrogenkonferansen i Florø i førre veke. Her deltok representantar for hydrogensatsinga i Årdal.
HYDROGENKONFERANSE: Elisabet Kjerstad Bøe talte mellom anna under Hydrogenkonferansen i Florø i førre veke. Her deltok representantar for hydrogensatsinga i Årdal.

Kunnskapen som dei fem kommunane og fylkeskommunen tileignar seg i prosjektet vil kunne overførast til andre kommunar og lokalsamfunn i Sogn og Fjordane.

– Utsleppsreduksjon og klima- og miljøarbeid er ei side av saka, men samstundes skal fylkeskommunen vera ein regional utviklingsaktør og snakka opp trendar og mogleg utvikling og potensiale for næringslivet. Der er hydrogen noko som er snakka om både nasjonalt og internasjonalt og eit satsingsområde sett frå eit strategisk perspektiv, forklarar Bøe.

På grunn av nettopp dette prosjektet er Sogn og Fjordane eit av fylka som ligg lengst framme på hydrogen i landet. Fylket har også eit tett samarbeid med Møre og Romsdal og Hordaland.

– Ein kan jo nemne Akershus fylke som lenge har hatt ein hydrogenstrategi, men først og fremst konsentrert seg om reduksjon og lokal forureining. Me ser heller på potensialet for næringsutvikling som sentralt.

Vil behalde mest mogleg av verdiskaping i fylket

I Årdal vil Østfold Energi, som eig kraftstasjonen i Naddvik, nytte seg av denne krafta til å spalte vatn til hydrogen og oksygen. Dette er for så vidt ikkje ny teknologi, men det som er nytt, er at hydrogen no skal nyttast til køyretøy, som bilar og bussar.

– Hydrogen vert i dag for det meste laga av naturgass med fossil gass som utgangspunkt, men viss ein kan bruke vasskraft, vindkraft eller solkraft til å produsere hydrogen, får ein ei heilt fornybar kjede, har prosjektleiar Egil Erstad forklar til Porten.no tidlegare.

Håpet er at eit pilotanlegg kjem på plass i løpet av 2017. Ei avgjerdsle på dette vil truleg kome før jul. Ein fullskala fabrikk vil ein først sjå mot 2019-2020 dersom piloten er suksessfull. 

– Kva stort kan potensielt eit næringsliv bli rundt ein slik fabrikk?

– Når det gjeld verdikjedeprosjekt, er det på pilotstadiet rundt om. Nokre har sett i gang så smått, medan andre er på teiknebrettet. Det er vanskeleg å seie, men fylkeskommunen sitt mål er å byggja mest mogleg rundt dei lokale verdikjedene og beholde meir av verdiskapinga i fylket, svarar Bøe.

Det har ikkje lykkast Porten.no å nå prosjektleiar i Østfold Energi, Egil Erstad, for kommentarar. 

Til toppen