HER?: «Når vi bygger denne teknologien i Sogn og Fjordane med vasskraft og vindkraft som energigrunnlag, får vi ein rein verdikjede frå produksjon til forbrukar.» skriv dei to kraftentusiastane i Sogn og Fjordane AP om ein mogleg Hydrogenfabrikk som kan koma i Dooriabygget. Arkivfoto
HER?: «Når vi bygger denne teknologien i Sogn og Fjordane med vasskraft og vindkraft som energigrunnlag, får vi ein rein verdikjede frå produksjon til forbrukar.» skriv dei to kraftentusiastane i Sogn og Fjordane AP om ein mogleg Hydrogenfabrikk som kan koma i Dooriabygget. Arkivfoto

MEININGAR

Hydrogenrevolusjon i Sogn og Fjordane

No må vi mobilisere ein offensiv som strekke seg heilt frå Kommunen til Stortinget slik at vi kan realisere det store potensialet som ligg framføre  oss, skriv fylkespolitikarane Hilmar Høl og Torbjørn Vereide (AP)

Om vi hadde samla heile historia til mennesket og korta det ned til ein klokketime, så vil vi sjå at vi har gjort eit kraftigare utslepp i det siste sekundet av den timen, enn alle dei andre sekunda til saman. Med andre ord er det rimeleg viktig at vi legg om til rein energi etter beste evne. Heldigvis gir teknologisk utvikling og aukande etterspurnad oss sjansen til å gjere litt god forretning i same slengen.  

KRAFTENTUSIAST1: Torbjørn Vereide. Arkivfoto
KRAFTENTUSIAST1: Torbjørn Vereide. Arkivfoto

Det er nemleg venta at etterspurnaden etter hydrogen vil auke i framtida. Med auka rekkevidde og hurtigare ladetid har hydrogengassen fortrinn over batteri som vil gje transportnæringa ein betre sjanse til å bruke klimavenleg energikjelde.

For å produsere hydrogengassen, spaltar ein H2O hjelp av elektrisitet slik at ein får frigjort hydrogenatoma frå oksygenatoma. Denne energien blir frigjeve igjen når hydrogen og oksygen blir omdanna til vatn. I praksis blir hydrogengassen eit «batteri» som kan brukast til lagring, forbruk eller eksport til andre delar av verda.

Når vi bygger denne teknologien i Sogn og Fjordane med vasskraft og vindkraft som energigrunnlag, får vi ein rein verdikjede frå produksjon til forbrukar. Det må understrekast at vi framleis har utfordringar med energibruk ved produksjon, komprimering og transport, men dette skal vi klare å løyse med kraft frå turbinane våre. Om vi set oss i førarsetet, har vi sjansen til å starte ein lokal produksjon med potensiale for internasjonal suksess. 

KRAFTENTUSIAST2; Hilmar Høl. Arkiv
KRAFTENTUSIAST2; Hilmar Høl. Arkiv

I Årdal jobbar Østfold Energi med eit stort Hydrogenprosjekt der dei vil nytte eiga overskotskraft i bygning eigd av tiltaksapparatet SIVA, til storstila produksjon av Hydrogen. Saman med Næringsapparatet og Innovasjon Norge, utgjer desse ei seriøs satsing. No må vi jobbe for å få inn hydrogen som energikjelde i anboda våre, bygge ut hydrogenstasjonar for vegtrafikk, og legge til rette for produksjon her i Sogn og Fjordane.

Vi blir begge usedvanlig engasjert når vi får sjansen til å jobbe med kraft og energi. No må vi mobilisere ein offensiv som strekke seg heilt frå Kommunen til Stortinget slik at vi kan realisere det store potensialet som ligg framføre  oss.

Det er mykje arbeid som står att. No må vi berre våge å satse!

Torbjørn Vereide og Hilmar Høl
Kraftentusiastar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti

Til toppen