– HYDROPARKEN ER BEST: Fleire ungar hadde møtt opp i Hydroparken for å seia si meining om planane til Handelsbygg. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
– HYDROPARKEN ER BEST: Fleire ungar hadde møtt opp i Hydroparken for å seia si meining om planane til Handelsbygg. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Hydroparken er best

Klar tale frå ungane som brukar Hydroparken.

Etter Porten.no skreiv om at Handelsbygg planlegger eit stort næringsbygg i Hydroparken tidlegare denne veka, kom det mange reaksjonar, spesielt i kommentarfeltet på Facebook-sida til nettavisa. 

Men det er ikkje berre dei vaksne som reagerer. Også dei som kanskje brukar parken aller mest, nemleg ungane, likte ikkje nyhenda.

Stor glede av parken

Medan representantar frå Handelsbygg var i oppstartsmøte med kommunen, møter Porten.no ein stor gjeng med ungar fredag.

– Me såg det i avisene og på nettet og høyrte det frå venene våre. Eg synest det er veldig dumt fordi me har mykje glede av han, seier Ronja Finnebotn Saltnes. 

Artikkelen held fram under biletet.

FULL FART: Tomine Jevnaker viser at Hydroparken har sin nytte i det ho susar forbi kameraet.
FULL FART: Tomine Jevnaker viser at Hydroparken har sin nytte i det ho susar forbi kameraet.

Det var ho, Tomine Jevnaker og Emma Nondal som tok initiativet i klassen til at dei ville seia si meining. 

– Me ville gjera ein innsats for Hydroparken. Det er mange på skulen som brukar han heile tida, og sidan det er juleferie var det ein god del som ville støtta parken fordi det er no mange brukar han, seier Jevnaker.

Klar bodskap

Gjengen samla seg i bakken og ropte ut ein klar bodskap: «Hydroparken er best» – før dei sette avgarde på akebretta sine.

– Det er heilt dumt å byggja eit stort kjøpesenter på denne fine plassen. Me treng ikkje det fordi me har det allereie, seier Nondal. 

Artikkelen held fram under bildet.

ENGASJERTE: Ungane viste stort engasjement og at Hydroparken kan brukast til blant anna aking. Her er Sander Natvik Skjolden i farten.
ENGASJERTE: Ungane viste stort engasjement og at Hydroparken kan brukast til blant anna aking. Her er Sander Natvik Skjolden i farten.

– I fjor skulle klassen vår eigentleg på skitur i Fardalen, men så kunne me ikkje det likevel, og då reiste me hit, legg Eilin Hellebø til.

Ungane er ivrige og engasjerte når dei fortel om alt dei brukar parken til. Dei både akar, bygger snømenn, turnar og leikar. Og det er ikkje berre om vinteren bakkane og området er flittig brukt.

– Det er fint å vera her om våren, sommaren, hausten, ja alle årstider, seier Teo Kopperdal.

Oppstartsmøte fredag

Det er altså firmaet Handelsbygg som planlegger eit stort handelshus i Hydroparken. Det er framleis mykje om og men med både politiske avgjerder som skal på plass og ein avtale med Hydro som eig området i dag.

– Me har førespurt Årdal kommune om eit oppstartmøte, som me skal ha komande fredag, og me er i ein god dialog med Hydro når det gjeld ein avtale for kjøp av tomta, fortalte Tore Arntzen til Porten.no tidlegare denne veka.

Handelsbygg har bygd ein del næringsbygg for kjeda Europris, og sjølv om ingenting er offisielt legg ikkje han skjul på at Europris har veldig lyst til å etablera ein butikk i Årdal.

Tar kampen

Men det kan sjå ut til at det blir ein liten kamp før det blir realitet.

– Me kan reisa opp i Fardalen og aka òg, men det er dumt fordi det tar lang tid å reisa, medan her går det berre fem minutt, argumenterer Saltnes.

– Og så hadde me Småbakkane, men der er det ganske attgrodd og vanskeleg å aka, og viss ein kjem i stor fart der, så kjem ein ut på parkeringa der det kan vera ein del bilar, legg Hellebø til. 

Til toppen