Sp registrerer at mange meiner det handlar om å sei ja eller nei til europris. Det er ei dårleg forenkling av saka, skriv leiar og gruppeleiar i Årdal Senterparti. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
Sp registrerer at mange meiner det handlar om å sei ja eller nei til europris. Det er ei dårleg forenkling av saka, skriv leiar og gruppeleiar i Årdal Senterparti. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.

MEININGAR

Hydroparken – kva skal den brukast til?

Det er for tida stor debatt om Hydroparken si framtid.

  • Endret

MEINING: Sp registrerer at mange meiner det handlar om å sei ja eller nei til europris. Det er ei dårleg forenkling av saka. Bruk av areal, privat eller kommunalt eigd, er ei offentleg sak som kommunane skal ta stilling til etter plan og bygningslova og endring av bruk skal sjåast i ein større samanheng.

Denne større samanhengen kallast kommuneplanen sin arealdel. Der vert overordna linjer for kva som skal vere kvar trekte for fleire år fram i tid. Ein slik plan fortel oss kvar ein bør bygge bustadar, kvar me skal ha handel, kvar vegar skal gå, kvar det skal produserast mat og kva friområder ein skal setje av i bebygde områder. Kort fortalt ein plan for korleis samfunnet vårt skal sjå ut.

Ein reguleringsplan er ei spesifisering av kommuneplanen innanfor eit gitt geografisk område. Det er ei slik sak som ligg på bordet no, då Handelsbygg AS har fremja eit forslag til reguleringplan.

Problemet med debatten som går no er at den blir for svart-kvitt. Ja eller nei til Europris. Når eit planforslag vert gjenstand for så mykje merksemd er det viktig å heva blikket litt. Først må me ta stilling til om me vil endra bruken av området.

Om svaret er ja på det kan Handelsbygg vera ein god aktør til å føreta den utbygginga. Men me må ikkje gløyma at kommunen har myndigheit til å gjera vesentlege endringar i planforslaget! Og her kjem kommuneplan inn igjen, kva fortel den oss om behov som må dekkast? Trengs det fleire bustadar? Kva type bustadar treng me? Kan me utnytta arealet betre enn det som planforslaget legg opp til? Kan me bygge på nokre etasjar for å imøtekome dei behova?

Ein må hugsa at ein privat aktør som fremjar eit forslag har sin agenda, best og billegast løysing for sine behov. Slik må det vere. Men, kommunen kan legge inn sine eigne og samfunnet sine behov og den debatten må kommunestyret ta.

Årdal SP meiner det hadde vore fornuftig å teke fram at kommuneplan frå 2012 for å sjå om det er andre behov som kan dekkast når det no ser ut til å bli fleirtal for omregulering.

Alle, både dei som er for og imot, bør ha ei interesse i at det vetle som er att av flatt areal i tettstadane våre vert best mogleg utnytta.

Årdal SP
Leiar Aleksander Heen
Gruppeleiar Thomas N. Moen

Til toppen