FRAMLEIS TRU: Dagleg leiar i Handelsbygg, Tore Johan Arntzen, trur framleis at dei skal få til ei løysing i Hydroparken. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
FRAMLEIS TRU: Dagleg leiar i Handelsbygg, Tore Johan Arntzen, trur framleis at dei skal få til ei løysing i Hydroparken. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Hydroparken: – Me trur framleis at me skal få det til

Porten.no møtte dagleg leiar i Handelsbygg, Tore Johan Arntzen, i den omdiskuterte Hydroparken. 

Årdal: Etter å ha varsla planen i mars, har ulike instansar kome med sine innspel som er jobba inn i planforslaget. Etter kvart skal saka opp i formannskapet etter at administrasjonen i Årdal kommune har gjeve si innstilling.

Slik det ser ut no, blir det truleg eit nei i politikken. Dei fleste partia har vore lunkne utanom Arbeidarpartiet og Framstegspartiet. Sistnemnde kom seg ikkje inn i kommunestyret for dei neste fire åra, medan førstnemnde har snudd i saka som ein del av samarbeidet med Miljøpartiet Dei Grøne, som sikrar dei eit fleirtal.

Trass dette kjem Handelsbygg likevel til å sende ein søknad til omregulering. Og blir svaret eit nei, kva då?

Les også: MDG og Ap skal samarbeide dei neste fire åra

– Det får me ta. Me trur framleis me skal få det til. Det går på definisjon av friområde. Det er gjort nokre politiske avtalar som gjeld friområde, og dette er jo per definisjon ikkje eit friområde, seier Arntzen når Porten.no møter han i den omdiskuterte parken.

– Uventa

Det er riktig som han seier. Hydroparken er ikkje eit friområde per definisjon, men eit såkalla spesialområde med parkbelte i industriområde. Det fortel reguleringsplanane til kommunen.

Han innrømmer at han vart overraska då han plutseleg blei gjort klar over den enorme diskusjonen rundt Hydroparken som blussa opp under valet. Då Ap og MDG vart einige om eit samarbeid, var det med atterhald om at blant anna friområde skulle vernast, og det skulle bli slutt på kraftutbygging. I den samanheng vart Hydroparken og Nundalselvi nemnd. 

Les også: – Hydroparken er best

– Det kom veldig uventa. Me har følt at me har fått positiv respons på å gjera noko her, og så veit eg det er ei sak med ungar som pleier å leika her, og i vårt planarbeid har me lagt inn pengar til å opparbeida noko i sentrum. Eg sa ja til å bidra med 100.000 til ein leikeaktivitet, seier Arntzen. 

GOD LØYSING: Fabrikksjef Egil Fredriksen meiner løysinga som var planlagt er god for alle.
GOD LØYSING: Fabrikksjef Egil Fredriksen meiner løysinga som var planlagt er god for alle.

– Ei god løysing for alle

Ein avtale om å kjøpa området er allereie på plass mellom Hydro og Handelsbygg, men der ligg det nokre forutsetningar. Fabrikksjef Egil Fredriksen meiner dette er ei god løysing.

– Dei som har tenkt å etablera seg var villig til å ta ansvar når det gjeld friluftsområde. Det er ei god løysing for oss, kommunen og dei som vil etablera. Me har hatt ein lang dialog om dette og kome ganske langt, seier Fredriksen, som kallar det heile ei varm potet.

Les også: Planlegger eit nytt handelsbygg i Hydroparken

Det er det ingen tvil om. Forutan at dette vil øydeleggje eit parkområde, går motargumenta først og fremst på plassering. Mange meiner næringa burde plasserast i eksisterande tomme bygg i sentrum, medan andre fryktar at dersom Europris kjem i Hydroparken, så vil det øydeleggja for eksisterande handel i sentrum.

Skremselspropaganda

Skremselspropagande, kallar Arntzen det.

– All erfaring tilseier at det ikkje skjer. Spør du handelen eitt år etter at Europris er opna, så seier dei ikkje det, fortel han og viser til Stokkmarknes, der dei etablerte seg 1,2 kilometer frå sentrum.

– Det var skepsis, men no opplever dei at færre reiser til Sortland for å handle. Du stoppar handelslekkasje. Handelsstanden burde stå saman om å prøva å bygga seg totalt sett så sterke som mogleg. 

Krav til bygning

Når det gjeld plassering, understrekar Arntzen at det er ingen andre stader i kommunen som er aktuelt. Årsaka er krava Europris har til bygningar.

– Dei ønskjer alt på eitt plan, ha stor parkering, kort avstand frå parkering til kassepunktet og logistikk bak. Me har leitt etter andre stader, og eg har fått førespurnad frå folk som sit på tomter etter valkampen, men det er ikkje mogleg å byggja slikt over fleire etasjar med parkering under. 

Les også: Årdølene er blitt flinkare til å handle lokalt

– Når det gjeld bygningsmasse i sentrum på Årdalstangen, og eg har vore i Domusbygget i Øvre Årdal, så er det heilt uaktuelt. Det går på plass, parkering, lengde under taket som skal gje lys og luft. Ein kan gjerne ønskja seg det, og eg forstår det når eg ser tomme bygg, men det hjelper ikkje.

Artikkelen held fram under biletet.

SLIK KAN DET SJÅ UT: Biletet viser ei prinsippskisse av korleis handelsbygget kan bli sjåande ut. 
SLIK KAN DET SJÅ UT: Biletet viser ei prinsippskisse av korleis handelsbygget kan bli sjåande ut. 

Han forklarar også kvifor det er uaktuelt å legge bygget på Årdalstangen.

– Det er slik at kjedene set ein passarspiss på begge stader der omkretsen er fem minuttar køyretid. Då renn det ned på 3000 i Øvre Årdal og 1700 på Årdalstangen, og då er fasiten at 1700 er for dårleg. Me må ha minimum 2500 før me kan sjå på dette som ei tygg etablering. 

Vil tiltrekke seg hyttefolket

Dei siste elementa han legg vekt på er at dette vil tette igjen noko av handelslekkasjen frå bygda, trekke til seg kundar frå nabokommunar og hyttefelt, samt at det blir lagt att ein del kroner i lokale verksemder under byggeperioden. 

Bygget vil vera omtrent 3000 kvadratmeter stort og innehalde Europris og ein til to bedrifter til. Dette vil gje ein plass mellom 15 og 20 arbeidsplassar.

– Me har blitt konfrontert med dette før at butikkane i sentrum vil miste handel. Nei, dei vil ikkje det. Det har blitt møtt med skepsis, men når Europris er blitt etablert, seier erfaringane at det er ein aktør som er med på trekka handel til bygda. 

– Det ser ein frå butikkar på Gol og Trysil som er sterke hyttedestinasjonar. Der lever Europris godt og får bra omsetning. Det kjem til å vera eit tilskot til handelen som er her i dag, seier han. 

Og skulle det bli eit nei frå kommunen, kan det ankast til fylkesmannen, som kan seia ja. Eit anna alternativ er å vente fire år.

– Får me det ikkje til, har ikkje området nokon verdi for oss. Då må me ha eit fireårsperspektiv. Det har me hatt i andre saker, der me sit og ventar til eit nytt val. 

Til toppen