Vang: Då hytteeigar Arne Birger Heen vakna i dag tidleg var det til fleire ubesvarte
anrop frå politiet. Det viste seg at hytta hans i Tyinkrysset hadde brunne i natt.
– Då eg ringte tilbake var dei ferdige med å sløkka, seier Heen.
Veit ikkje kva som har skjedd
Politiet fekk melding at det brann i taket på hytta hans like før klokka 01.00 i natt. Det var ingen personar inne i hytta då brannen starta.
Som bileta viser har flammane gjort stor skade. Det har vore kraftig torevêr i området i natt, utan at Heen veit om det kan vera årsaka til brannen.
– Eg veit ikkje kva som har skjedd. Eg har ikkje fått sett på hytta sjølv, seier Heen.