ETTERFORSKAR: Politiet i Nordhordland etterforskar innbrot i to hytter i Ytre Gulen.
ETTERFORSKAR: Politiet i Nordhordland etterforskar innbrot i to hytter i Ytre Gulen. (Foto: Arkiv)

Hytteinnbrot i Ytre Gulen – politiet ønskjer tips

Innbrota har funne stad på Byrknesøy og på Mjømna. Politet ser dei to innbrota i samanheng.

Gulen: Den siste veka har politiet i Nordhordland fått melding om innbrot på to hytter i Ytre Gulen. Den eine hytta ligg på Mjømna, medan den andre ligg på Søre Byrknes. Lensmann i Nordhordland, Kjell Idar Vangberg, seier at politiet ser dei to innbrota i samanheng. 

– Begge stader har nokon brote seg inn og stelt brennevin. Det er det vi veit førebels, seier Vangberg. 

Fordi det er hytter, veit ikkje politiet enno nøyaktig når innbrota har skjedd då dei har blitt oppdaga til ulik tid. 

Ber folk sjekke hyttene

Politiet etterforskar sakene vidare, men har førebels ikkje noko konkret å gå etter.

Vangberg oppmodar dei som har hytter i området til å ta ein sjekk, anten sjølve eller få nokon i lokalbefolkningen til å ta ein kikk. 

– Sidan folk er på hyttene til ulik tid, kan det ta tid før eit eventuelt innbrot vert oppdaga dersom ein ikkje ser etter. Førebels er det to hytter vi veit om, seier han. 

Ønskjer tips

Politiet ønskjer tips dersom nokon har sett eller høyrt noko mistenkeleg, anten det er bilar, båtar eller personar. 

– Viss nokon veit noko, kan dei kontakte politiet i Nordhordland. Dei som har gjort innbrota kan like gjerne ha komme sjøvegen som med bil, seier Vangberg. 

Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen