FOTBALLENS FESTDAG: 16. mai er fotballens festdag i Noreg. Henrik Furebotn deler eit av sine beste minne om denne dagen frå si karriere. Foto: Halvor Farsund Storvik.
FOTBALLENS FESTDAG: 16. mai er fotballens festdag i Noreg. Henrik Furebotn deler eit av sine beste minne om denne dagen frå si karriere. Foto: Halvor Farsund Storvik.

– I 17. mai-toget sa dei at me kunne tape resten av kampane fordi me vann denne

Henrik Furebotn bidrog til noko av det største ein kan gjere som Bodø/Glimt-spelar – slå erkerivalen Tromsø på 16. mai.

Årdal/Sogndal: Både i 2016 og 2015, dei åra Henrik Furebotn var i Bodø/Glimt, var erkerivalen Tromsø motstandar på fotballens festdag – 16. mai. Begge åra var det årdølene og dei heilgule som stakk av med sigeren. 

– 16. mai er fotballens festdag. Det er då det kjem mest folk på kamp, er god stemning og eigentleg ein av det artigaste dagane å spele kamp på, seier Henrik Furebotn dagen før den store dagen. 

Ekstra gøy er det når ein slår naborivalen på ein slik dag. Årdølen har ingen spesielle minne med Sogndal frå denne dagen, men dei to siste åra har han vore med å på å slå Tromsø med Bodø/Glimt. 

– Dei som kjenner Glimt-fans veit at dette er noko av det største ein kan oppleve som Glimt-spelar, fortel han.

Stort å slå Tromsø

I 2015, som var Furebotns første sesong i den gule trøya, hadde Glimt ein elendig start på sesongen. Etter åtte rundar hadde dei framleis ikkje vunne ein fotballkamp.

– Det var den første sigeren vår. Me hadde fem poeng, og så slo med Tromsø. Då me gjekk i 17. mai-toget dagen etter kom folk bort og sa at me kunne tapa resten av kampane den sesongen så lenge me hadde vunne den. Det var på det nivået, smiler han.

Også i 2016 vart det siger mot Tromsø. Gult vart etter kvart skifta ut med kvitt og svart, og i år håpar han på å skapa fleire gode minne når Molde er motstandar tysdag. Sogndølene er iallfall fulle av sjølvtillit etter den knusande 4-0-sigeren mot Viking. 

– Det er den klart beste kampen me har spelt til no. Me heldt i ballen og klarte å spele oss ut av situasjonar. I tillegg scora me fine mål og slapp Viking lite til bakover. Me reiser til Molde for å ta med oss poeng tilbake, seier Furebotn.

Årdal tar imot naborival og serieleiaren

Poeng er også moderklubben til Furebotn Årdal avhengige av. Etter 1-1 mot jumbolaget Skavøypoll sist helg, har Ivan Øy og hans Årdal ei formidabel oppgåve føre seg når dei tek imot serieleiar Vik.

Vikjene vann igjen denne helga og har framleis til gode å sleppe inn mål. Betre kan det ikkje bli. 

– Det blir kjekt med Vik på besøk på 16. mai, og eg håpar eg ser mykje folk på tribuna slik at me får ei fin ramme rundt kampen, seier Øy. 

– Vik kjem til å springa til dei svelt ihjel. Det er det dei har tatt poeng på, og me må rett og slett gjera ting på vår måte og må opp eit nivå dersom me skal hanskast med dei. Det er jo ein viss historie mellom Årdal og Vik, så dette blir ein krig. Den som ikkje melder seg på, går tapande ut.

Til toppen