HISTORISK DOM: For første gong er ei kvinne dømd for terrormedverking i Norge.
HISTORISK DOM: For første gong er ei kvinne dømd for terrormedverking i Norge. (Foto: Arkiv)

I 2013 kom kvinna til Årdal – no er ho dømd for medverking til IS

Historisk dom i Oslo tingrett, for første gong er ei kvinne dømd for terrormedverking i Norge.

Oslo/Årdal: Ei kvinne i 30-åra er i Oslo tingrett måndag dømd til fengsel i to år og ni månader for å ha delteke i og gitt økonomisk støtte til terrororganisasjonen IS. Det melder NRK.

Den somaliske statsborgaren kom til Norge i 2013 og budde då på asylmottak i Årdal. Hausten 2015 flytta ho til ein kommune i Nordfjord. Politiet meiner at kvinna vart rekruttert til IS i denne tidsperioden.

Kvinna vart arrestert med falskt pass og 50.000 kroner i kontanter i Austerrike i november 2017. Ifølge påtalemakta var ho då på veg til Syria for å møta ein framandkrigar ho skal ha innleia eit forhold til. Sjølv hevdar ho at ho var på veg til heimlandet for å treffa sonen, som var blitt alvorleg sjuk.

Aktor hadde lagt ned påstand om fem års fengsel. Kvinna meiner ho er uskuldig, men det er ikkje avgjort om ho vil anka, skriv NRK. Sidan ho har sete 16 månader i varetekt, vil ho sleppa ut av fengsel allereie om eit halvt år.

Det er i dag ti norske kvinner som har reist til IS-kontrollerte område. Ifølgje NRK vil denne dommen òg kunne få konsekvensar for dei. 

 

Til toppen