Sogndal: I 10-tida byrjar han å rigge seg til på Åberge med god utsikt over heile fjøra. Barnetoget tek oppstilling kvart over ti, og går frå Kyrkjevegen til Trudvang skule når salutten er over.
– Fimreite seier han nyttar dynamitt og lunte. Lunta er éin meter lang og den brenn i to minutt.
Tidlegare var det alltid klokka sju om morgonen. For ein fire-fem år sidan vart salutten flytta til kvart på elleve. Då skal det skytast ni salver for tre ganger tre hurra.
Lunta kveikar han no med gasslighter.
– Før var det brukt fyrstikker. På regntunge dagar var det ikkje alltid like lett å få fyr på lunta.
Dynamitten vert hengt på staur til alt er klart. Den første lunta vert kveika to minutt før det smell.
– Når eg har komme til lunte seks eller sju, går den første. Staurane er ikkje mykje att av, ler Fimreite.
Hest i full galopp
Tryggleiken er alltid god. I dag er det berre profesjonelle som får drive med salutt, og ein lyt ha sprengningssertifikat. Ei morosam oppleving kjem Fimreite på.
– Ein gong, då salutten var over campingplassen ved Stedje, då kom det ein hest rett etter det var kveikt. Den stod med røvi til då det small, og sprang det den greidde til skogs.