STADFESTA: Saman med Bob Hund og Cezinando utgjer Dagny trekkplastra på årets Fres Festival i Fresvik.
STADFESTA: Saman med Bob Hund og Cezinando utgjer Dagny trekkplastra på årets Fres Festival i Fresvik. (Foto: Pressefoto)

I april spelar ho i New York, i juli står ho på scena i Fresvik

Popartisten Dagny frå Tromsø er klar for Fres Festival denne sommaren, den siste av ei imponerande rekkje artistar som har blitt lokka til den vesle festivalen i Fresvik.

Fresvik: – I tillegg er Detroit Sound, Magnus Pym, DJ Ungehelgesen, Teddy Touch, Electric Eye og superveteranane i Grand Island klare til som vert tidenes festivalprogram i Fresvik, skriv festivalleinga i ei pressemelding.

Dei to neste månadane skal Dagny spela sju konsertar i Canada og USA, mellom anna i New York, Chicago og San Francisco, før ho vender nasen heimover til Norge. Til Fresvik med sine 202 innbyggjarar kjem ho siste helga i juli.

– Dei siste to åra har Dagny for alvor svinga seg opp til å verta ei av våre fremste popartistar. På same måte som andre kvinnelege artistar som er i støtet om dagen, som Sigrid, Aurora og Astrid S, har Dagny gjort seg bemerka med megacatchy og smart pop med stor appell langt utover landegrensene, skriv festivalleinga.

Frå frå før kunne Fresn skryta av å ha namn som popkometen Cezinando og rockelegendane Bob Hund på plakaten. 

Heile programmet ser slik ut:

Dagny, Cezinando, Bob Hund, Great News, Death By Unga Bunga, A-laget og NMG/G Allstars, Sibiir, Electric Eye, Real Ones, Thea And The Wild, Darling West, Ralph Myerz and the Kozmik Diamondz, Teddy Touch, DJ Ungehelgesen, Detroit Sound, Magnus Pym og Radio Fres.

Til toppen