TIL ÅRDAL: 20. april står Lava igjen på scena i kulturhuset i Årdal for å markere at det er 40 år sidan bandet fann saman. Her frå då dei spelte under lanseringa av boka «Rockebolet» hausten 2015. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TIL ÅRDAL: 20. april står Lava igjen på scena i kulturhuset i Årdal for å markere at det er 40 år sidan bandet fann saman. Her frå då dei spelte under lanseringa av boka «Rockebolet» hausten 2015. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

I april står Lava på scena i Årdal

I 2017 er det 40 år sidan Lava stod på scena saman for første gong i Årdal. I april kjem dei tilbake til bygda og markerer at det var nettopp her alt starta.

Årdal: Terje Svori, leiar i Hugin Musikkforum, smiler breitt når han fortel at Årdals kanskje største musikk-eksport innan populærmusikk kjem til kulturhuset i april.

Det var for ganske nøyaktig 40 år sidan i 1977 at bandet, som då bestod av Per Hillestad, Svein Dag Hauge, Kjell Hestetun og Stein Eriksen, stod på scena saman for første gong. Det skulle bli starten på eit eventyr som lever framleis, men med ei litt annan besetning enn den gongen. 

– Så me tok kontakt med dei og lurte på om det var mogleg å få dei til å spele ein konsert i Årdal. I april kjem dei til kulturhuset, seier Svori.

Spelte i Årdal i 2015

Det er ikkje altfor lenge sidan sist dei stod på scena i kulturhuset. Hausten 2015 spelte orginalbesetninga saman for første gong sidan 1997 i samband med lanseringa av boka «Rockebolet».

– No kjem dei slik Lava framstår i dag. Me er ofte i prat med Per (Hillestad journ. anm.), så når dei skal på turné kjem det gjerne eit spørsmål om å ta turen til Årdal. Tidspunktet er perfekt, og me meiner det er viktig å markere dette sidan Lava kanskje er Årdal største musikk-eksport innan populærmusikk, held Svori fram.

Konserten kjem på plass som eit resultat av samarbeidsavtalen som Hugin inngjekk med kommunen tidlegare i år, der dei samarbeidar om å skape meir aktivitet i kulturhuset. 

Nordstoga nesten utseld

Allereie på tysdag kjem Odd Nordstoga til kulturhuset. Kvelden før spelar han på Vekao i Sogndal. Konserten med Nordstoga er nesten utseld her i Årdal.

– Me håpar folk nyttar seg av moglegheiten. Me skjønnar at det er mykje som skjer, men håpar Nordstoga freistar såpass, seier han og fortel at billettane til Lava-konserten vert lagt ut så snart Nordstoga har motteke sin fortente applaus.

Etter planen skulle Hugin arrangere to konsertar før sommaren og to til hausten. Med Lava på plass er «kvota» før sommaren allereie fylt opp.

– Men me får sjå korleis det går med desse to konsertane. Det kan bli aktuelt med noko i mai, men det er mykje anna som skjer når ein kjem ut i juni, juli og august. Så planen er no at me gjer opp status etter konsertane og stakar ut vegen vidare.

Påskerock

Det er ei travel tid for Hugin i desse tider. For i tillegg til å hente artistar til bygda, skal også deira eigne medlemmar i elden i april. Veka før Lava-konserten, som er 20. april, er det Påskerock. 

– Så no er det ti band som står klare til å underhalde innbyggjarane i Årdal og påskegjester, seier han.

Til toppen