TEPPER: Anne Steinheim (t.h.) og vesle Sigve er ein av dei heldige som har fått eit heimestrikka teppe i gåve frå Husflidslaget i Årdal. Frå venstre: Reidun Skjolden, Solfrid Svortevik og Marianne Nesse. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TEPPER: Anne Steinheim (t.h.) og vesle Sigve er ein av dei heldige som har fått eit heimestrikka teppe i gåve frå Husflidslaget i Årdal. Frå venstre: Reidun Skjolden, Solfrid Svortevik og Marianne Nesse. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

I år får alle nyfødde i Årdal ei heilt spesiell gåve

Husflidslaget i Årdal bestemte seg for at dei ville gi noko tilbake. 

Årdal: Slik kom ideen opp om at dei kunne strikka tepper til alle nyfødde i Årdal i 2017. Teppa er strikka i norsk merino-ull, og når foreldra får utlevert teppa, er dei vaska og klare til bruk.

To veker gamle Sigve er ein av dei heldige som no kan varme seg med eit teppe. Mamma Anne Steinheim tykkjer det er eit flott tiltak.

– Eg brukar teppet i bilstol, i vogna eller inne. Det er så praktisk og lett, og så pustar det godt, så det er bra for ein liten kar, seier ho.

– Ville gjera noko for andre

Norges Husflidslag satsar no på norsk ull med kampanjen «Ullialt», og denne gåva er lokallaget sin måte å bidra på.

– Me hadde lyst å gjera noko for andre, og dette var eit passeleg prosjekt. Førebels er det avgrensa til 2017, men me ser at det kanskje er noko me kan gjere vidare, seier Marianne Nesse. 

– I tillegg handlar det om å skape litt blest om oss sjølve og det me held på med. Me er ikkje så mange og snittalderen er litt høg, legg ho til.

Håpar fleire blir med

Husflidslaget i Årdal er med sine 18 medlemmar det minste i Sogn og Fjordane. I dag er det rundt ti aktive. 

– Men me ser at husflid er på full fart inn att, så me håpar fleire blir med oss, seier Solfrid Svortevik, som er leiar.

Teppene dei no produserer gir dei til helsestasjonen i Årdal. Vidare deler helsesøstera ut teppa til dei som nettopp har fått ein lite krabat i hus. 

Til toppen