NØGD: Dagleg leiar Even Aarethun kan sjå tilbake til 25 eventyrlege år for campingplassen i Lærdal, sjølv om det òg har vore utfordringar.
NØGD: Dagleg leiar Even Aarethun kan sjå tilbake til 25 eventyrlege år for campingplassen i Lærdal, sjølv om det òg har vore utfordringar. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Han kan feira 25 år med camping i Lærdal

Even Aarethun har vore med sidan starten i 1993. Den daglege leiaren trur aktivitetar er vegen å gå skal Lærdal Ferie- og Fritidspark veksa vidare.

Lærdal: – Det har vore ei artig reise, men ho har ikkje berre vore enkel, seier Even Aarethun, som dei siste ti åra har drive Lærdal Ferie- og Fritidspark saman med kona.

I dag, søndag, feirar selskapet 25 år. Aarethun var med i mai 1993 då familien tok over campingplassen, som kommunen hadde etablert to år tidlegare.

– Då var det ganske nakent her, berre eit sanitæranlegget, ein liten kiosk med resepsjon og oppstillingsplassar for campingvogner, seier Aarethun.

Sidan den gong har campingplassen nede ved fjorden vakse jamt og trutt, både i talet bygg og overnattingar. No kan dei lokka med restaurant, hytteutleige og ein drøss med aktivitetar, blant anna den einaste motorikkparken i landet. Frå rundt 3000 gjester det første året, har dei passert 45.000 gjester årleg.

– Me har måtta jobba hardt og bygd litt nesten kvart år fram til 2005, seier Aarethun, som meiner dei har blitt så store som dei ønskjer.

Stappfull camping i strålande maisol

Denne helga, midt i mai, var campingen stappfull av norske gjester, rundt tre hundre i talet. Blant dei var ein familie på fem frå Askøy utanfor Bergen.

– Det har vore ein årleg tradisjon dei siste ti åra, omtrent. Me er ei gruppe med Jehovas vitner som brukar å ta turen i pinsen, kosar oss, grillar, har det kjekt saman og går litt rundt og pratar med folk i distriktet, seier Øystein Mjømen.

CAMPINGLIV: Øystein Mjømen, Nathaniel Mjømen og Isabelle Lekva Dahl kosar seg i vårsola. Kvar pinse er dei faste gjester ved Lærdal Ferie- og Fritidspark.  Foto: Halvor Farsund Storvik

Alle aktivitetane, som fotball, sykling, volleyball, bading, motorikkpark og trampoliner, er ein viktig grunn til at dei kjem attende år etter år.

– Ungane elskar det, og så er det ein nydeleg plass, eit gjestfritt vertskap og ofte fint vêr. I år har det vore fantastisk, seier Mjømen.

Det er ikkje unikt at campingplassen må takka nei til gjester allereie i mai, opplyser den daglege leiaren. I langhelger rundt himmelspretten og pinse fyller det seg raskt opp med nordmenn om vêret spelar på lag.

– Måndag forsvinn dei fleste, før det kjem nye innatt. Det går i bratt kurve oppover no, utanlandstrafikken startar etter 20. mai, seier Aarethun.

Vil ikkje bli større, men skapa meir aktivitet

Ferie- og fritidsparken har fire-fem heilårstilsette, opp imot tjue tilsette i høgsesongen. I 2016 hadde aksjeselskapet Aarethun AS ei omsetning på 14 millionar kroner, og 688.000 i overskot.

Utan utbyggingsplanar kan det å veksa vera enklare sagt enn gjort. Frå juni til slutten av august er dei stort sett fullbooka, medan skuldersesongane byr på sine utfordringar.

– Starten på mai har vore treig dei siste åra. Grunnen er nok at mange fjellovergangar og attraksjonar er stengde. Det har me fått tilbakemeldingar på frå turistane, at dei kjem litt for mykje til lukka dører. Det er ikkje heilt bra, seier Aarethun.

Vinterturisme trur han blir vanskeleg, utan sol som dei er halve året, med dei stengde fjella og avstanden dei har til skianlegga.

– Me har slått oss meir og meir til ro med at det er perioden mars til oktober som gjeld, seier Aarethun.

Han har likevel tru på at dei kan veksa, først og fremst gjennom å utvikla nye aktivitetar. Motorikkparken har vorte ein suksess, det same har sykkelutleige. Begge bidreg til inntekter, samstundes som dei fristar fleire gjester til å koma hit.

Det siste er Øystein Mjømen og familien eit bevis på.

– Me bestiller som regel nytt opphald så snart me reiser, så me håpar me er velkomne neste år òg, seier han, seier han.

Til toppen