– Dette er avslutninga på ein liten bit historie. Telefonkatalogane har ei historie som går fleire hundreår tilbake og har vore til stor nytte for lokalmiljø og lokalt næringsliv rundt om i landet, fortel Renate Morken, kommunikasjonssjef i Eniro Norge, i ei pressemelding.
Ved den siste målinga, svarte 16 prosent at dei brukte den trykte telefonkatalogen. Det viser at det er eit stort fleirtal som bruker dei digitale tenestene, og difor er den trykte katalogen som kjem ut i år den siste.
Det var vore trykte telefonkatalogar i Noreg sidan 1880, då Morgenbladet publiserte ei heilsides oversikt over alle 169 telefonabonnentane i Kristiania og omland.
(©NPK)