FRUSTRERT: Geir Reidar Hestethun (til venstre i midten) liker dårleg at enkelte som brukar styrkerommet har misbrukt tilliten dei har fått. Foto: Ina Eirin Eliassen/Arkiv
FRUSTRERT: Geir Reidar Hestethun (til venstre i midten) liker dårleg at enkelte som brukar styrkerommet har misbrukt tilliten dei har fått. Foto: Ina Eirin Eliassen/Arkiv

I Årdal har utstyr for fleire titals tusen blitt stolne frå styrkerommet

Primus motor Geir Reidar Hestethun er oppgitt, men vil gje tjuvane sjansen til å ordna opp for seg.

Årdal: Fleire vekter og anna utstyr er stolne frå styrkerommet i Årdal. Til saman har utstyr til ein verdi på over tretti tusen kroner forsvunne. 

– Ein heil del småe vekter og eit sett til ti tusen er vekk der kun festet står att, seier Geir Reidar Hestethun.

Han trur at tjuvane har blitt frista til å ta med seg utstyret til bruk heime. Han tykkjer situasjonen er trist. 

– Folk føler seg mistenkte. Styrkerommet er det eigentleg utifrå min ståstad ingen som eig. Me held det ved like alle mann og det skal vere ein kameratgjeng som trenar, hjelper kvarandre, har det sosialt og gøy i lag, seier Hestethun.

Overvakingskamera

Hestethun har gått i dialog med kommunen om å få setja opp overvakingskamera ved idrettshallen. Han meiner at det tener fleire omsyn enn berre for styrkerommet. 

– Om kommunen ikkje vil vera med på det, lyt me setta opp kamera inne på styrkerommet sjølve, seier Hestethun.

Han ser ikkje for seg andre løysingar, og seier dei vil søka om løyve til å setta opp fire overvakingskamera. 

Hestethun har heller ingen plan om å anmelde saka, og har allereie bestilt inn nytt utstyr som skal takast i bruk i januar. Den som har stole utstyret skal få sjansen til å leggja det tilbake att. 

– Det er lov å gjera feil her i livet, seier han.

 

 

 

Til toppen