NY KLUBBUTVIKLAR: Anders Veibust (t.v), er ny klubbutviklar i kretsen. Her med dagleg leiar Svein Olav Myklebust og Ola Flo Zachariasen (t.h.) som blir ny klubbutviklar i NFF Oslo. Foto: NFF Sogn og Fjordane. (Bilde: NFF Sogn og Fjordane)

I august startar Anders i jobben som klubbutviklar

Anders Veibust (27) er tilsett som klubbutviklar i kretsen frå 1. august.

Sogndal: Veibust tek over stillinga som klubbutviklar i kretsen etter Ola Flo Zachariasen. Sistnemnde skal over i ei tilsvarande stilling i NFF Oslo, skriv NFF Sogn og Fjordane.

27-åringen er opptinneleg frå Florø og har nett avslutta utdanninga si i idrett. Her har han skrive masteroppgåve om sportsplan i kvalitetsklubb.

– Han burde difor ha ein god inngang til jobben som klubbutviklar, der arbeidet med kvalitetsklubb står sentralt, skriv kretsen.

Ved sida av studiet, har han også hatt ei deltidsstilling som vitenskapeleg assistent ved Høgskulen på Vestlandet – i arbeidet med å få på plass eit nytt fotballfagleg studietilbod.

Veibust har også tidlegare vikariert som klubbutviklar og har i tillegg bidrege i ulike integrerings- og inkluderingsprosjekt i regi av kretsen. I tillegg er han ein del av trenarapparatet rundt kretslag jenter.

NVE: Meir regnflaum framover

Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil det bli mellom 20 og 40 prosent auke i flaumvassføringa i fleire vassdrag dei neste 100 åra.

Til toppen